Olav Lødemel ny sjukehusdirektør på Voss

Olav Lødemel (50) tar over som sjukehusdirektør på Voss etter Rolf Abrahamsen. Lødemel er per i dag assisterande direktør ved sjukehuset, og tar til i jobben som sjukehusdirektør 1. juni.

Lødemel har jobba ved Voss sjukehus sidan 2004 og vore assisterande sjukehusdirektør dei siste åtte åra. Han har vore anestesioverlege og er no avdelingsoverlege anestesi i tillegg til jobben som assisterande direktør.

-Dette er ein stor dag for meg, seier Lødemel.

- Eg er glad for å ha fått jobben og ser fram til å setje i gang. 1. juni.

Den påtroppande sjukehusdirektøren vedgår samstundes at det å overta etter Rolf Abrahamsen, som har vore sjukehusdirektør i om lag 17 år, er litt som å hoppe etter Wirkola.

- Den viktigaste utfordringa framover blir å halde fram med å gi god pasientbehandling, samtidig som vi klarer å effektivisere der det er nødvendig, seier han.

Lødemel er også oppteken av vidareutvikle samarbeidet med Helse Bergen, der forgjengaren alt har gjort eit godt stykke arbeid.

- Voss er ein del av Helse Bergen og min visjon er å utvikle samarbeide med Haukeland i endå større grad.

Voss sjukehus har vore ein del av Helse Bergen sidan sjukehusreforma trådde i kraft i 2002.

- I Olav Lødemel har vi fått ein kompetent direktør med god kjennskap til Voss sjukehus og lokale forhold, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

- Olav er den rette til å utvikle Voss sjukehus vidare som ein integrert del av Haukeland universitetssjukehus. Eg er glad for at han har takka ja til denne utfordringa.

Avtroppande sjukeshusdirektør Rolf Abrahamsen går av med pensjon, og har sin siste arbeidsdag på Voss 31. mai.