Nytt tilfelle av multiresistent bakterie bekrefta på Brannskadeavdelinga

I juni 2016 vart det påvist ein multiresistent variant av bakterien Acinetobacter baumannii hos fire pasientar på Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Den same varianten av bakterien er no bekrefta hos ein femte pasient.

 

Bakterietypen vart nyleg funnen i ein bakterieprøve frå eit sår hos ein femte pasient. Bakterien blei i sist veke sendt til eit referanselaboratorium i Tromsø som no har bekrefta at det er den same Acinetobacter-varianten som vart funnen ved utbrotet i  juni.

Ifølge smittevernoverlege ved Haukeland universitetessjukehus, Dorthea Hagen Oma, er det ikkje uventa at bakterien dukkar opp igjen.


- Ser ein på liknande utbrot ved andre brannskadeavdelingar, førekjem dette stadig. Dette er ein internasjonalt kjent problembakterie for brannskadepasientar, seier ho. Vi kan ikkje hindra at antibiotikaesistente bakteriar kjem inn i sjukehuset, men vi har rutiner for å oppdage dei tidleg og forsøke å hindre vidare smittespreiing og utbrot.

Det er ingen av dei smitta pasientane som er sjuke av bakterien. Sjukehuset tek framleis imot nye brannskadepasientar og desse vil få behandling av kvalifisert personell i intensivavdelinga. Sjukehuset vil halde fram med prøvetaking av brannskadepasientar for å overvake førekomsten av Acinetobacter, og det vil setjast i verk ytterlegare  tiltak for reingjering i avdelinga sidan Acinetobacter er ein bakterie som kan overleve i omgjevnadane.


Ifølge Oma er ikkje bakterien farleg for friske personar med heil hud.
- Men fordi brannskadepasientar er ei særskild sårbar gruppe for å få infeksjonar med denne bakterien, er tiltaka strenge for å hindre vidare smittespreiing, seier Oma.


Acinetobacter er ein bakterie som er vanleg førekommande i jord og vatn, men han kan også finnast på huda vår. Bakterien er ei kjent årsak til sjukehusinfeksjonar hos mottakelege pasientar, men gir nesten aldri infeksjonar hos friske personar.

Besøkande treng ikkje vere redde for at dei skal verte smitta av bakterien, men det er særs viktig med god handhygiene  før og etter besøk.

Acinetobacter er alt frå naturen si side motstandsdyktig mot ei rekke ulike antibiotika, og det gjer at infeksjonar med slike bakteriar kan vere vanskelege å behandle. Den bakterie-varianten som vart funnen i brannsår hos fire pasientar ved Haukeland i juni, førekjem sjeldan i Noreg og kom sannsynlegvis inn i sjukehuset via ein pasient som først hadde vore innlagt på sjukehus i utlandet.


Oma presiserer at pasienten omtalt i ein artikkel i siste nummer av Tidsskrift for den norske legeforening hadde ein annan bakterie, og var såleis ikkje ein del av utbrotet omtalt i juni.


Folkehelseinstituttet er varsla om funnet i bakterieprøven i tråd med dei varslingsrutinane som er for slike tilfelle.