Nytt tilbod til unge med rusutfordringar

1. desember starta Avdeling for rusmedisin det nye tilbodet URO- UngRusOppdagelse. Tilbodet skal gjere det enklare for unge mellom 15 og 25 år å få hjelp for rusproblem i spesialisthelsetenesta.

- URO-temaet er ambulant, og skal jobbe etter prinsippa Direkte kontakt - Rask respons – Fleksibel møtestad, fortel seksjonsleiar og psykologspesialist Benedicte Ekman Rønneberg ved Seksjon ambulant.

- Det betyr at du kan ta direkte kontakt med URO-teamet på telefon, du treng ikkje tilvising frå fastlege eller NAV for å få ein samtale. Teamet kan møte dei unge der dei føler seg komfortable og trygge, og første samtale skal skje så fort som mogleg etter kontakt - helst innan ein til to kvardagar.
Sist, men ikkje minst: tilbodet er gratis.


Kvifor URO?

URO-teamet er etablert fordi undersøkingar har vist at dei fleste som blir tilvist  til rusbehandling i spesialisthelsetenesta, gjerne skulle fått hjelp tidlegare.

- Målet med URO er at dei unge skal få hjelp før utfordringane blir så store at rusbruken blir for vanskeleg å takle, fortel sosionom og prosjektkoordinator Natasha Chapman Fuglebakk.

Alle i URO-teamet er helsepersonell med lang erfaring i å hjelpe unge som har det vanskeleg og som bruker alkohol eller andre rusmiddel.

- Det kan vere rekreasjonsbruk som har utvikla seg til å bli eit problem, det kan vere dei som bruker rusmiddel for å takle vanskelege kjensler og traume, eller dei som bruker rusmiddel for å yte betre. Vi i URO-teamet ønsker å vere vaksne dei kan stole på, som tar dei på alvor og prøver å hjelpe. Vi ønsker også å rettleie dei unge som tar kontakt vidare til den rette hjelpa for dei.

Her kan du lese meir om URO


Kan bistå dei rundt

URO-teamet er også tilgjengeleg for dei som har nokon dei er bekymra for.

- Familie, venner eller anna nettverk kan ta kontakt med oss om det er nokon dei er urolege for og dei har spørsmål knytt til rusmiddelbruk, seier Fuglebakk.

URO kan også bistå med råd og rettleiing til dei profesjonelle hjelpetenestene i saker med unge pasientar som bruker alkohol og/eller andre rusmiddel.

- Også dei kan ta direkte kontakt med oss utan behov for tilvising, slik at dei unge kan få raskare avklaring og eventuelt vidare hjelp. 

Fuglebakk understrekar at den unge må samtykke til at dei tar kontakt med teamet, viss ikkje må rettleiinga vere anonym. Den unge må også samtykke om teamet skal ut og møte han/henne.

Banebrytande

Avdelingsdirektør Else-Marie Løberg er glad for det nye tilbodet i Avdeling for rusmedisin.

- Tidleg intervensjon på rusfeltet forankra i spesialisthelsetenesta er banebrytande, seier ho.
- Eg er veldig glad for at URO er etablert, og trur tilbodet vil vere eit viktig tiltak for tidlegare hjelp for unge med begynnande rusmiddelproblematikk. I dag veit vi at rusbehandling kjem i gang for seint, og det er viktig med tidlegare hjelp for å betre prognose, betre motivasjon for rusbehandling og ikkje minst for å unngå funksjonstap og utanforskap.

Følg gjerne URO på Facebook