Nytt nasjonalt prestisjesenter til Haukeland

Saman med Universitetet i Bergen har Haukeland universitetssjukehus fått tildelt status som Forskingssenter for klinisk behandling (FKB) innan nevrologi. Det vil gi pasientar med ALS, MS, Alzheimers og Parkinsons betre tilgang på den nyaste og beste behandlinga.

Det er Norges Forskningsråd som står bak tildelinga av Forskingssenter for klinisk behandling. Dette er ei ny ordning som byggjer på anbefalingar frå HelseOmsorg21-strategien for å bidra til betre klinisk behandling av høg kvalitet og sterkare internasjonalisering i forskinga.

– Vi har store forventningar til at det første senteret i den nye ordninga vil løfte norsk klinisk nevrologisk forsking til eit nytt nivå, seier administrerande direktør i Forskningsrådet, John-Arne Røttingen.

Her kan du lese kva Norges Forskningsråd skriv om tildelinga

Lik tilgang og lik behandling

Senteret vil drive med utvikling og utprøving av ny behandling, og målsettinga er at ny behandling skal bli tilgjengeleg for pasientar i heile Noreg. Tilgang til deltaking i studiane skal også vere lik landet over. Det vil bli stor vekt på brukarmedverknad både i planlegginga av studiane og i gjennomføringa.

- Senterets mål er at pasientar med ALS, MS, demens og Parkinsons vil få eit systematisk og koordinert tilbod om å delta i eksperimentell behandling her i landet. Og vi skal oppdage og utvikle ny og banebrytande behandling for pasientar med desse diagnosane. For pasientane våre betyr dette enormt mykje, fortel overlege og professor Charalampos Tzoulis ved Nevrologisk avdeling.

Overlege og professor Charalampos Tzoulis ved Nevrologisk avdeling.

Overlege og professor Charalampos Tzoulis ved Nevrologisk avdeling. Foto: Katrine Sunde

Saman med overlege og professor Kjell Morten Myhr, også frå Nevrologisk avdeling, skal Tzoulis leie det nye senteret. Senterets hovudkvarter skal liggje hos Nevrologisk avdeling i Gamle hovudbygg på Haukelandsområdet. Totalt har forskarane fått 160 millionar frå NFR , fordelt på åtte år. I tillegg kjem tilsvarande sum frå vertsinstitusjonane Haukeland og UiB.



I konkurranse med alle landets sjukehus

- Dette er heilt fantastisk og eg kan ikkje anna enn å bejuble innsatsen som er lagt ned frå det eg må seie er blant våre aller fremste forskarar, skryter viseadministrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Clara Gjesdal.

Ho understrekar at det er og har vore ein stor heiagjeng på sidelinja, som no feirar tildelinga.

- Vi fekk senteret i konkurranse med resten av dei sterke fagmiljøa innan nevrologi frå alle sjukehusa i Noreg, så dette kan vi ikkje sjå på som anna enn ein siger.

Overlege og professor Kjell-Morten Myhr.

Overlege og professor Kjell-Morten Myhr.

Kjell-Morten Myhr seier til Bergens Tidende at tildelinga betyr mykje for miljøet på Nevroklinikken.

Her kan du lese kva Bergens Tidende skriv om tildelinga

- Dette er ei anerkjenning av det arbeidet vi har gjort over mange år, seier han.

Nevroklinikken på  Haukeland leier den pågåande utprøvinga av stamcellebehandling av multippel sklerose (MS). Myhr reknar med at MS-forskinga har vege tungt i konkurransen om det nye senteret.

Det nye senteret får namnet Neuro-SysMed.