Nytt K.G. Jebsen senter for genomretta kreftterapi

Professor Per Eystein Lønning ved Mohn kreftforskingslaboratorium har i skarp konkurranse med andre framståande medisinske forskingsmiljø, vunne fram og fått midlar til å etablere eit nytt K.G. Jebsen senter innan medisinsk forsking.

Professor Per Eystein Lønning, her saman med forskar og labratorieleiar Stian Knappskog ved Mohn kreftforskningslaboratorium.


Lønning og forskargruppa hans skal kartlegge kreftsvulstar sine genar for å kunne identifisere kva pasientar som har nytte av spesifikke behandlingsformer, og dermed kunne tilby enkeltpasientar betre cellegiftbehandling.

- Vi ønsker å sekvensere svulstar og finne genfeil som kan avsløre kva typar av cellegift som verkar best på svulsten til den enkelte pasient, seier Lønning til Universitetet i Bergen.

Det nye senteret blir oppretta ved universitetet og får 18 millionar kroner over fire år av Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen.


Skal forske på fleire krefttypar

Lønning og forskarkollegaene i Brystkreftgruppa ved Mohn kreftforskningslaboratorium er alt i gang med kliniske studiar av genmutasjonar.

Les meir om Mohn kreftforskningslaboratorium

- Vi ønskjer å finne ut om denne meir målretta måten å behandle pasientar på er betre enn det som ein vanlegvis har gjort, nemleg å berre gi den samme cellegifta til alle som har den samme diagnosen.

Med K.G- Jebsen-midlane blir Lønning og forskingsgruppa i stand til å utføre meir omfattande genanalysar og utvide forskinga til å gjelde fleire krefttypar.

- Til no har vi jobba med brystkreft og tjukktarmskreft. No trekker vi inn lungekreft, prostata, blærekreft og kreft i hals- og hovudregionen, fortel Lønning.

- Ved hjelp av det nye senteret forventar vi å få til betre behandling for fleire pasientar som har desse bestemte genmutasjonane og betre behandlinga for desse svulstane.

Forskingsløft

Ved å gi 18 millionar norske kroner til senteret ønskjer Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen å bidra til eit skikkeleg forskingsløft, og ikkje minst bidra til at forskingsresultata raskare kan komme pasientane til gode. I tillegg til løyvingane frå stiftinga får kvart senter også ei betydeleg tildeling frå eigen institusjon.

Også K.G. Jebsen senter for B-cellekreft ved Universitetet i Oslo har blitt oppretta no. Der vil ein studere ondarta B-celler som blod-, lymfe- og beinmargskreft ofte består av.

Stiftinga gir kvart senter finansiering i 4 år, med moglegheit for ytterlegare to års finansiering. Ordninga rettar seg mot medisinske forskingsfelt som har ein tydeleg forbindelse til pasientverksemd og som er prioritert av vertsinstitusjonen. Dei nye sentra blir det 19. og 20. K.G. Jebsen-senter.