Nytt hjerneforskingssenter opnar i Bergen

Fredag 27. september er det offisiell opning av det nye forskningssenteret Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP). Senteret er etablert i samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen med støtte frå Trond Mohn stiftelse (tidlegare Bergens forskningsstiftelse) og Kavlifondet.

Frå venstre Bjarne Hansen, Gerd Kvale, kommunal- og integreringsminister Jan Tore Sanner, UiB-rektor Dag Rune Olsen, statssekret

Frå venstre Bjarne Hansen, Gerd Kvale, kommunal- og integreringsminister Jan Tore Sanner, UiB-rektor Dag Rune Olsen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Maria Jahrmann Bjerke og sjukehusdirektør Eivind Hansen.

Gerd Kvale og Bjarne Hansen er leiar og nestleiar for det nyetablerte Bergen Center for Brain Plasticity. - Vi treng å bli flinkare til å ta i bruk det som har vist seg å virke, og å forske på det vi ikkje veit, seier dei to psykologane.

Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP) blir eit av dei største forskningssentra innan psykisk helse, og formålet er å kombinere kvalitetssikra, verksam behandling med basalforsking på hjerneplastisitet.
BCBP skal finne årsaker til at behandlinga har så god effekt, og forskinga skal også bidra til at metodikken kan bli brukt i behandling av andre angstlidingar.

- I senteret har vi med oss dei fremste forskarane i verda på genetikk, epigenetikk (læra om korleis både arv og miljø formar oss) og hjerneavbilding, og målet er å identifisere kva for mekanismar som kan forklare variasjonar i behandlingseffekten hos ulike pasientar, seier psykolog Gerd Kvale som saman med professor Bjarne Hansen leiar det nye senteret.

Hovudsamarbeidspartnar for det nye forskingssenteret er McLean Hospital som i fleire år er blitt rangert som USAs fremste innan psykisk helse.

Gerd Kvale fortel at målet med senteret er å finne ut kva for mekanismar som gir endring i hjernen, slik at ein kan hjelpe endå fleire til å bli friske frå psykiske lidingar.

Gerd og Bjarne blir intervjua av NRK.

Gerd og Bjarne blir intervjua av NRK.


- Ved å bruke registerdata frå ordinære behandlingsforløp og å kombinere dei med den mest avanserte forskinga på hjernen, meiner vi at vi vil finne svar på viktige spørsmål, slik at vi kan hjelpe enda fleire, seier Gerd Kvale.
Gerd Kvale og Bjarne Hansen er psykologane som har utvikla 4-dagars formatet for behandling av tvangslidingar/OCD (Obsessive Compulsive Disorder). Ved rutinemessig å undersøke kva for endring pasientane oppnår, har psykologduoen vist at 90 prosent av dei som får tilbodet oppnår betydeleg og relevant betring, og at 70 prosent er ute av den alvorlege angstlidinga fire år seinare.

4-dagarsbehandlinga er no tatt i bruk i heile Noreg, og takka vere tilskot frå Kavlifondet blir den spreidd internasjonalt. I 2018 ble Kvale og Hansen vurderte av Time Magazine til å vere blant dei 50 i verda med mest innflytelse innan helse.

Bjarne og Gerd

Professor Bjarne Hansen og psykolog Gerd Kvale.

Saman med depresjon er ulike former for angst dei psykiske lidingane som rammar flest, og dei fleste blir ramma i ung alder.
- Vi treng å bli flinkare til å ta i bruk det som har vist seg å virke, og å forske på det vi ikkje veit. Utan tilgang til effektiv behandling varer desse lidingane ofte livet ut. Dei menneskelege og samfunnsøkonomiske gevinstane ved at fleire får tilgang til betre behandling er derfor enorme, seier Kvale og Hansen.

- Dette viser korleis grensesprengande forsking har stor betyding for praktisk pasientbehandling. Våre forskarar våga å tenke utradisjonelt, og det gir resultat for kvar enkelt pasient. Og det har vekt merksemd internasjonalt. Derfor er også dei beste forskarane internasjonalt interesserte i å samarbeide med våre forskarar. Gode idear er avgjerande, men utan økonomisk støtte frå Trond Mohn stiftelse og Kavlifondet ville det ikkje vore mogleg å realisere eit slikt senter, seier rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen.

- Vi er stolte over det Gerd Kvale og Bjarne Hansen med sitt fagmiljø har fått til av ny behandling for pasientane. I det nye forskingssenteret vil verdas fremste forskarar jobbe vidare for å finne svar på viktige spørsmål om hjernen, slik at enda fleire kan få hjelp. Eg er glad for at Haukeland universitetssjukehus er vertskap for dette samarbeidet mellom klinisk verksemd og forskarar som etter kvart vil bidra til enda betre pasientbehandling, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

Bergen Center for Brain Plasticity

Kontaktpersonar:
Gerd Kvale, leiar for Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP), telefon  916 38 681
Bjarne Hansen, nestleiar Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP), telefon 920 90 765 
Sveinung Hole, dagleg leiar i Trond Mohn stiftelse, telefon 479 00 111
Inger Elise Iversen, dagleg leiar i Kavlifondet, telefon  908 94 567