Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF ser fram til samarbeidet med styra i helseføretaka: - Vi har klare styringsmål for sjukehusa på Vestlandet og kompetansen i styra skal nyttast til god styring og utvikling, for å sørge for at tenestene våre er berekraftige og framtidsretta.
Styret i Helse Vest RHF har lagt vekt på ulike føringar og moment i valet av styremedlemmer i helseføretaka på Vestlandet. Mellom anna slår Helseføretakslova fast at det skal leggjast vekt på legitimitet i befolkninga. Styret skal til saman inneha den naudsynte kompetansen til å ivareta oppdraget og ansvaret styret er pålagt gjennom lovgiving og av eigar.
Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar der sju er eigaroppnemnde medan fire er valde av og blant dei tilsette. Styret i Sjukehusapoteka Vest HF har ni medlemmer, der seks er eigaroppnemnde og tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette.
Dette er dei eigaroppnemnde styremedlemmane i styra i Helse Vest frå 23. februar:
Helse Bergen HF
Styreleiar Terje Breivik
Nestleiar Signy Midtbø Riisnes
Rolf Martin Tande
Bente Enehaug-Rebnord
Kjeld Zacho Jørgensen
Per Morten Sandset
Hilde Christiansen
Helse Førde HF
Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen
Nestleiar Anne Sissel Faugstad
Aud Ingrid Espeland
Reidar Sandal
Thomas Vingen Vedeld
Marit Hermansen
Ivar Eriksen
Helse Fonna HF
Styreleiar Petter Steen jr.
Nestleiar Brian Bjordal
Ingvill Skogseth
Anne Sissel Faugstad
Kjersti Follesø
Helga Arianson
Per Karlsen
Helse Stavanger HF
Styreleiar Bjørn Erikstein
Nestleiar Christine Sagen Helgø
Nina Langeland
Hege Ebeltoft
Unn Therese Omdal
Knut Vassbø
Ivar Eriksen
Sjukehusapoteka Vest HF
Styreleiar Trude Marit Risnes
Nestleiar Olav Klausen
Arve Varden
Helle Schøyen
Clara Beate Gram Gjesdal
Ola Jøsendal