Bakgrunnen er manglande kapasitet hos tidlegare avtalepart. Dei nye avtalane trer i kraft frå tysdag 1. november 2022.
– Vi forventar at inngåing av nye avtalar vil bidra positivt på kapasiteten og ventetidene totalt sett i Bergen og områda rundt, seier avdelingssjef Ann-Mari Høiland i Avdeling for pasientreiser.
Dette er dei nye avtalane:
- Reise i taxi med 1-4 personar med start på Haukeland universitetssjukehus / postnummer 5021, med slutt i Bergen-Askøy-Øygarden
–> her er Taxi 1 ny avtalepart - Reise i taxi med 1-4 personar med start i køyreområdet Åsane / Arna
–> her er Christiania Taxi ny avtalepart - Reise med rullestoltransport og stor bil med start i køyreområdet Åsane / Arna
–> her er Bergen Taxi ny avtalepart
I desse områda har Norges Taxi avtale med Helse Bergen om pasienttransport:
- Reise i taxi med 1-4 personer med start i køyreområdet Fyllingsdalen / Laksevåg.
- Reise i taxi med 1-4 personer med start i Bergenhus / Årstad (utanom Haukeland / postnummer 5021) med slutt i Bergen-Askøy-Øygarden.
- Reise i taxi med 1-4 personer med start i Bergenhus/ Årstad (utanom Haukeland / postnummer 5021) ut av køyreområde til kommune utanfor Bergen-Askøy-Øygarden.
- Reise i taxi med 1-4 personer med start på Haukeland universitetssjukehus / postnummer 5021 ut av køyreområde til kommune utanfor Bergen-Askøy-Øygarden.