Ny viseadministrerande direktør

Randi-Luise Møgster er den nye viseadministrerande direktøren i Helse Bergen.

Randi-Luise Møgster
 

​​- Eg er svært glad og fornøgd med at Randi-Luise Møgster har takka ja til jobben som viseadministrerande direktør i Helse Bergen. Ho er svært kompetent, har god kunnskap om verksemda og gode resultat som leiar. Ho har dessutan viktig og relevant erfaringsbakgrunn frå psykisk helsevern. Randi-Luise har jobba mykje med samhandling og er sterkt motivert for å ta dette viktige arbeidet vidare. Samhandling, spesielt med kommunane, blir ein viktig del av jobben hennar, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

Ho begynner i jobben 15. september.

Randi-Luise Møgster (44) er utdanna lege ved Universitetet i Bergen. Ho er spesialist i psykiatri og har vore tilsett i Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus sidan 2004. Sidan 2013 har ho vore klinikkdirektør ved Kronstad distriktpsykiatriske senter.
Ho har jobba med pasientforløp og samhandling, både lokalt og nasjonalt gjennom fleire år. I tillegg har ho hatt verv som har vore knytte til utdanning og spesialisering, både i Divisjon psykisk helsevern, ved HUS og i Legeforeningen. Ho var og medlem av gruppa som arbeidde fram «Strategi 2017-2022».
- Dette gler eg meg til. Eg er stolt og glad for at eg får denne sjansen, seier Møgster, og understrekar at ho har søkt seg til ein ny jobb og ikkje frå jobben ho har i dag.

Som Eivind Hansen trekkjer også ho fram samhandling som sentralt i hennar nye rolle.
- Sentralt i arbeidet mitt har vore og vil vere det å jobbe med samhandling og heilskaplege pasientforløp. God samhandling er avhengig av både organisatoriske, strukturelle, kulturelle og menneskelege faktorar. I vårt sjukehus og i vårt opptaksområde finst svært mykje engasjement og kompetanse på dette feltet. Viktig i mi rolle blir å lytte til og å få oversikt over dei utfordringar og mogelegheiter som finst, både internt og eksternt. Da er eg avhengig av innspel frå ulike tjenestenivå, seksjonar, avdelingar, profesjonar, faggrupper og brukarar. Ei slik oppgåve løyser vi berre i fellesskap, seier den nye viseadministrerande direktøren.