Ny rapport om musikkterapi: - Viktig behandlingstilskot

Den nye evalueringsrapporten «Musikkterapi som medikamentfritt behandlingstilbud i psykosefeltet» slår fast at musikkterapi er eit viktig tilskot til behandlingstilboda innan psykisk helse-feltet.

​Majoriteten av informantane i evalueringsrapporten svarer at musikkterapi skaper motivasjon til å følgje opp dei behandlingstilboda som ein gir, samtidig som musikkterapien gir rom for pasientane til å skape trygge sosiale nettverk.
Informantane nemner at både ein-til-ein-terapi, gruppeterapi, band, samspel, å opptre og tilbakemeldingar har vore viktig for deira psykososiale tilbod og sosiale kontakt med andre menneske.

Evalueringsrapporten blir gitt ut med støtte frå Polyfon, kunnskapsklynge for musikkterapi, og Helse Bergen.

Myrhaug, Tuastad (2020) Musikkterapi som medikamentfri behandling i psykosefeltet-3.pdf