Ny nasjonal opplæring i aggresjonshandtering

I haust blei det lansert eit heilt nytt opplæringsprogram for førebygging og handtering av aggresjon og vald i helse- og sosialsektoren. No får sjukehustilsette i psykisk helsevern over heile landet opplæring i MAP som står for «Møte med aggresjonsproblematikk».

​MAP-kurs erstattar blant anna det bergensbaserte Terma-kurset (Terapeutisk møte med aggresjon).

- Det har vore mange ulike opplæringsprogram i Noreg, og i Bergen har ein hatt Terma-kurs. Det var etter kvart behov for eit standardisert og kvalitetssikra opplæringsprogram for medarbeidarar som jobbar med aggresjon og valdsproblem i psykisk helsevern, fortel Thomas Nag som jobbar i klinikk for sikkerheitspsykiatri ved Haukeland universitetssjukehus.

Han har vore leiar for arbeidsgruppa og det nasjonale arbeidet med MAP, der dei har tatt med seg det beste frå dei gamle kursa med same tematikk, henta ny kunnskap frå forsking og laga noko heilt nytt som har fått namnet MAP.

Foto fra kurset

Før jul var det instruktørutdanning i Sandviken. Her får ein av deltakarane kursbevis etter å ha gjennomført utdanninga som er på 70 timar.

Lang og grundig prosess

Det var Kompetansesenteret for sikkerhets-, retts- og fengselspsykiatri (SIFER) som i 2015 tok initiativ til å utvikle den nye kunnskapsbaserte manualen «Møte med aggresjonsproblematikk» (MAP). Arbeidsgruppa har jobba med MAP frå 2015 til 2019.
- Vi er mest opptatte av førebygging. Gjennom MAP lærer tilsette kva dei kan seie og gjere når dei treffer menneske som uttrykker sterke kjensleuttrykk og skremmande åtferd som aggresjon og vold. Hensikta med opplæring i MAP er å forhindre vald og sørge for at pasientar og tilsette kjenner seg trygge på jobb, seier Thomas Nag.

Nasjonalt samarbeid

MAP har vore eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre regionale sikkerheitsavdelingane i Bergen, Oslo og Trondheim, Helse Stavanger og Helse Fonna. Prosjektet har resultert i felles opplæring gjennom MAP.
- Vi ønsker at deltakarane på kursa skal forstå kva som ligg bak det aggressive uttrykket, og dermed også kan førebygge det og handtere det på ein hensiktsmessig og profesjonell måte, seier Thomas Nag.

Trener på kommunikasjon

Thomas Nag fortel at MAP-kurset bygger på solid kunnskap og forsking, og at det er stort fokus på førebygging og praktiske kommunikasjonsferdigheiter.
- Til skilnad frå Terma-kursa snakkar vi for eksempel meir om sjølvregulering hos dei tilsette. Dei lærer å bli meir bevisste på korleis dei sjølve reagerer i ein utfordrande situasjon; kva dei sjølve har med seg inn i situasjonen, og korleis auka bevisstheit kan hjelpe dei å forhindre at ein situasjon eskalerer og endar i aggresjon og vald. Dei får også trene på konkrete kommunikasjonsferdigheiter. Med MAP ønsker vi at personalet skal få ei solid verktøykasse for å kunne jobbe valdsførebyggande, forklarer Nag.

Han fortel at MAP har blitt svært godt mottatt av dei tilsette fordi kurset dekker eit behov som har vore i krevjande menneskemøte.
- Det er heldigvis berre ein liten del av pasientane som utøver vald, men det vi formidlar i MAP-kursa er relevant i dei fleste jobbsamanhengar. Det handlar om å legge til rette for gode menneskemøte, seier Nag.

Etterspurt kompetanse

Det er ikkje berre i psykisk helsevern ein treng denne kompetansen i arbeidskvardagen. På Slettebakken skole i Bergen har lærarane fått kursing i mykje av det same som ligg til grunn for MAP-kurset, du kan lese BT si sak om dette: Her kurses lærerne på Slettebakken skole i å håndtere aggressive elever (saka krev innlogging).


Lærer opp eigne instruktørar

MAP bygger på ein modell der det blir utdanna MAP-instruktørar som driv opplæring i eigen organisasjon og spreier kunnskapen vidare. Instruktørutdanningane rullerer mellom Bergen, Oslo og Trondheim, og sidan lanseringa i haust er det utdanna 80 instruktørar.
- Kva for eigenskapar må til for å bli ein god MAP-instruktør?
- Du bør vere undrande og nysgjerrig på deg sjølv og den andre, og ha eit ønske om å finne ut kva som skjuler seg bak åtferda i utfordrande situasjonar. I tillegg må du vere ein dyktig fagperson og formidlar med eit humanistisk menneskesyn der alle er likeverdige, seier Thomas Nag.

Hovudinstruktørar i MAP: (frå venstre) Marius Engen, Torill Storhaug, Bjørn Svenning, Thomas Nag og Kjell Kjærvik.

Hovudinstruktørar i MAP: (frå venstre) Marius Engen, Torill Storhaug, Bjørn Svenning, Thomas Nag og Kjell Kjærvik.