Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny leverandør av ambulansebåttenester i Austevoll frå nyttår

Buksér & Berging AS overtar ambulansebåttrafikken i Austevoll 4. januar 2022. Ambulansebåten  vil driftast ut frå ambulansestasjonen på Storholmen på Austevoll.

Publisert 23.06.2021
Sist oppdatert 20.03.2023

Buksér & Berging AS vil nytte ein helt nybygd båt av typen katamaran. 

Tegning av ny ambulansebåt

Slik vil den nye ambulansebåten sjå ut. Illustrasjon: Buksér og Berging AS.

Fullverdig akuttmedisinsk tilbod om bord

Helse Bergen HF sin avtale med den nye leverandøren dekker døgnkontinuerleg drift av ambulansebåten. I tillegg til akuttoppdrag som ambulansebåt, skal fartøyet nyttast til ordinær pasienttransport og transport av behandlingspersonell. Båten er også tilrettelagt for brann- og redningsoppdrag med blant anna brannpumpe og termisk varmesøkande kamera. Eit slikt kamera  kan brukast for søk og redning, og er ei forbetring frå dagens fartøy.

- Med den nye avtalen på plass vil innbyggarane i Austevoll og områda rundt vere sikra ein fortsatt svært god ambulansebåtteneste, seier avdelingssjef Øyvind Østerås i Akuttmedisinsk avdeling.

- Både den tilsette i Helse Bergen og matrosen frå Buksér & Berging AS er autoriserte ambulansearbeidarar. Pasientane får eit fullverdig akuttmedisinsk tilbod om bord, på lik linje med ordinære bilambulansar i Helse Bergen.

Strenge krav til fartøyet

Anskaffinga er gjennomført av Sykehusinnkjøp HF, på vegne av Helse Bergen HF. I konkurransen var det sett ei rekke minstekrav til leverandøren, som er med på å sikre ei god ambulansebåtteneste til innbyggarane i regionen.
Ambulansebåten er ein 22,24 meter lang katamaran. Båten skal byggast av det finske verftet Kewatec, som tidlegare har bygd 10 losbåtar for Buksér & Berging AS.

Ambulansebåten vil ha ein toppfart på 30 knop, og ein marsjfart på 25 knop.
Den vil ha hydraulisk landgang i baugen med lang rekkevidde, skrå baug for å kunne gå inntil holmar og skjer og ny båreheis akter som gir god tilgang til både låge og høge kaiar.

Ordførar Morten Storebø i Austevoll kommune er godt fornøgd med å ha ny avtale for ambulansebåt på plass.

- Austevoll er den største kommunen i Noreg som ikkje har veg til fastlandet. Vi er over 5.200 innbyggjarar og har besøk av mange hyttefolk og turistar. Ambulansebåten bidrar til å gjere kommunen tryggare,  seier han.

Brannsjef Hans Petter Bjånesøy i Austevoll kommune vektlegg det same:

- Ambulansebåten spelar ei svært viktig rolle for beredskapen i Austevoll. Båten blir blant anna brukt til transport og bistand til lokalt brannmannskap, påpeikar han.


Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Randi-Luise Møgster, er glad for at stasjonen i Austevoll blir vidareført.

- Vi har hatt ein god dialog med kommunen undervegs og den nye avtalen er ei vidareføring av det gode samarbeidet Helse Bergen og Austevoll allereie har, seier ho.

Lang erfaring

Buksér og Berging AS (BB) er eit privateigd selskap som har levert marine tenester sidan 1913. I dag driftar og opererer BB ein flåte beståande av 35 taubåtar og offshore- fartøy, i tillegg til 25 losbåtar.

- Leverandøren innfridde alle dei strenge kvalitetskrava som vi sette i anskaffinga, og leverte også eit godt tilbod på pris. Med den breie bakgrunnen og lange erfaringa rederiet har, er vi sikre på at ambulansebåttenesta vil bli utført på ein svært god måte, seier  Østerås.

Den nye kontrakten om drift av ambulansebåtteneste har ei varighet på åtte år, med moglegheit for forlenging i inntil to år. Buksér & Berging AS overtar ambulansebåttenestene frå L. Rødne & Sønner AS.