Ny hjartetur til Etiopia

Laurdag reiser 22 Haukelandstilsette til Addis Abeba i to veker for å drive opplæring og utføre hjartekirurgi ved Black Lion Hospital.

Gruppebilde helsepersonell. Foto
Klare for Etiopia: 2/3 av gjengen som reiser til Addis Abeba laurdag morgon samla til fotografering før avreise.

Mange av dei som reiser no var også med til Etiopia i mars 2016. Det var starten på eit langsiktig prosjekt for å bygge opp hjartekirurgien i landet. Hovudmåla med opphaldet denne gongen, er å drive behandling og opplæring innan felta hjartekirurgi  og kardiologi,  og anestesi/intensivbehandling innan hjartekirurgi.

Tar i bruk nye operasjonsstover

For eitt år sidan var det ikkje mogleg å utføre hjartekirurgi ved det offentlege universitets- og utdanningssjukehuset Black Lion Hospital, og teamet utførte alle inngrep på Cardiac Centre like ved.
Det siste året har Black Lion bygd opp nye operasjonsstover, blant anna for hjartekirurgi.

- Vi er dei første som tar dei nye operasjonsstovene i bruk, fortel prosjektleiar og seksjonsleiar ved Thoraxkirurgisk seksjon på Haukeland,  professor Rune Haaverstad.

Dette er både positivt og negativt. Positivt fordi det viser at opprustinga av det offentlege sjukehuset er i gang, men samtidig gir det utfordringar at alt er nytt,  ubrukt og med usikker funksjonalitet.

- Vi veit at det er nokre manglar der, og vi er usikre på korleis det tekniske fungerer – straumforsyninga, for eksempel, seier Haaverstad.

Mange spesialområde

Nettopp derfor er han ekstra glad for at dei reiser ei større gruppe denne gongen, med mange spesialområde. I gruppa er det både ulike grupper av spesialsjukepleiarar, fysioterapeut, perfusjonistar og legar med spesialkompetanse innan thoraxkirurgi, thoraxanestesi og kardiologi. I tillegg kjem personell frå Medisinsk/teknisk avdeling med.

-Det meste er meir usikkert no, men viss det er mogleg håper vi å kunne operere 10 pasientar med open hjartekirurgi, då vi må starte med ein viss nøkternheit. Dette er først og fremst unge pasientar med giktfeber og alvorleg hjarteklaffsjukdom, seier Haaverstad.

Meir kardiologisk verksemd

Til liks med i 2016, samarbeider Haukelandsteamet også denne gongen med kollegaer frå Universitetssykehuset i Linkøping. I tillegg har dei med seg ein kardiolog frå Stavanger universitetssykehus, som er spesialist i hjarteinfarktbehandling og blokking. For første gong samarbeider prosjektet også med St. Olavs Hospital i Trondheim, som sender ein spesialist på hjarteultralyd. 

-Som sist vil vi operere inn pacemakere, og utføre ballongutviding av tronge mitralklaffer. Nytt denne gongen er koronar angiografi og blokking av mitralstenoser, og opplæring av lokale kardiologar i hjarteinfarktbehandling, fortel Haaverstad.

- Black Lion hospital har tilsett mykje nytt personell for å jobbe med hjartekirurgi og moderne kardiologiske prosedyrar, så det er stort behov for undervisning  også av sjukepleiarar. Derfor har dei ulike yrkesgruppene  førebudd meir systematisk praktisk og teoretisk opplæring denne gongen,  ikkje minst undervisning i hjarte-lungeredning, seier Haaverstad.

Støtte frå fleire

Heile prosjektet blir gjennomført i regi av Avdeling for Internasjonalt Samarbeid, Hjarteavdelinga, KSK og Fysioterapiavdelinga. Medisinsk- teknisk avdeling er også sterkt involvert. 

Prosjektet er finansiert gjennom Avdeling for internasjonalt samarbeid, i tillegg til ei vesentleg  støtte til utstyr frå Trond Mohn.  Prosjektet har også fått bidrag frå  utstyrsleverandørar og frå andre avdelingar ved HUS.