Ny forsking viser at tilpassa koding av komplikasjonar etter kirurgi kan gi stor gevinst

For å kunne jobbe målretta med førebygging av komplikasjonar som oppstår under operasjonar i sjukehus, treng ein god kunnskap om nettopp dette. Ei forskargruppe frå Haukeland universitetssjukehus har funne ut at meir tilpassa koding vil kunne skilje mellom «gamle» og nyoppståtte komplikasjonar. Ei slik sortering kan ha vesentleg betyding i arbeidet med å førebygge komplikasjonar som oppstår i sjukehus.

Forskarane i den tverrfaglege forskargruppa på Haukeland universitetssjukehus

Nokre av forskarane i den tverrfaglege forskargruppa på Haukeland universitetssjukehus (frå venstre): Postdoktor i Helse Vest sitt pasientsikkerheitsprogram Arvid Steinar Haugen, overlege Hans Flaatten, førsteforfattar av studien Anette Storesund, seksjonsoverlege anestesi Eirik Søfteland og Monica Wammen Nortvedt, einingsleiar Øyeblikkelig hjelp-tenester i Bergen kommune og professor II ved Senter for kunnskapsbasert praksis, Høgskulen på Vestlandet. Foto: Aleksander Valestrand.

– Når vi hentar komplikasjonskodar frå journalar, utan å skilje på kva som er ny-oppståtte komplikasjonar i sjukehus, får vi eit for høgt tal på faktiske komplikasjonar, seier Anette Storesund til Dagens Medisin. Storesund er intensivsjukepleiar ved Postoperativ seksjon på Haukeland, tilsett ved Klinisk institutt 1 (K1) ved Universitetet i Bergen, og førsteforfattar av ein ny studie om komplikasjonskoding.

I eit internasjonalt samarbeid har forskarar ved Haukeland universitetssjukehus og Førde sentralsjukehus vist nytten av å tilpasse ICD-komplikasjonskodar for å få meir korrekte data på komplikasjonar som oppstår på sjukehus.

– Det er viktig å kunne skilje på nye og tidlegare komplikasjonar for å få meir korrekte opplysningar om dei komplikasjonane som oppstår i sjukehus – og dermed førebygge komplikasjonar. Vi bruker mykje ressursar allereie på førebygging, men ei tilpassing av ICD-kodinga kan bidra til eit meir målretta arbeid der vi brukar ressursane der det er aller mest å hente, seier Storesund til Dagens Medisin.

Les heile saken i Dagens Medisin.

Studien “Accuracy of surgical complication rate estimation using ICD‐10 codes” er nyleg publisert i British Journal of Surgery.