Ny forsking på den livsviktige navlesnora

Kva betyr problem med navlestrengen for barnets risiko for å døy i magen eller rett etter fødselen? Dette kan forskarar ved Kvinneklinikken no gi svar på.

Navlestrengen er fosteret si livline. Kunnskapen om den har likevel ikkje vore så stor, sjølv om rundt 10 prosent av alle dødsfall i mors liv skuldast komplikasjonar med denne livsviktige forbindelsen.

Dette skriv forskning.no i en omtale av ny forsking frå Kvinneklinikken.

Stor registerstudie
Når eit barn blir fødd i Noreg måler jordmor blant anna lengda på strengen. Måla blir oppgitt til Medisinsk fødselsregister. Dette har gjort det mogleg for forskarar å studere alle fødslar frå 1999 til 2013. Totalt er det snakk om nærare 860 000 enkeltfødslar.

Tysdag 27. mars publiserte forskarar ved Kvinneklinikken ny og viktig kunnskap om navlestrengen, som både gir barnet næring frå morkaka og sender avfallsstoff tilbake til den.

Forskinga er publisert i det vitskaplege tidsskriftet PLOS ONE.