Ny, felles opplæring for sommarvikarane

Alle sommarvikarane som snart inntar sjukehuset, har no fått felles opplæring før dei skal ut og jobbe i dei ulike avdelingane.


Kamilla Totland Bakke og Tormod Rebnord er to av sommarvikarane som skal jobbe på sjukehuset i sommar. Men først har dei vore gjennom eit opplæringsprogram, der dei blant anna har friska opp kunnskapane i hjarte- og lungeredning.

 

Sjukehuset har rekruttert ca. 250 sommarvikarar og i tillegg har avdelingane tilsette i mindre stillingar som kan jobbe ekstra om sommaren.


Opplæringspakke

For å sikre god opplæring av vikarane, har sjukehuset utarbeidd ein opplæringspakke for sjukepleiarar, vernepleiarar og pleieassistentar som skal jobbe med pasientar i somatikk, psykiatri og rus.

- Det er viktig at sommarvikarane får ein god introduksjon i sjukehuset, slik at dei kan ta hand om pasientane på ein god måte. Med eit felles opplæringsprogram sikrar vi lik og grunnleggande opplæring i våre system og retningslinjer, slik at sommarvikarane kjem godt førebudde på jobb og kjenner sjukehusets verdiar, seier rådgivar Catrine Lohne i Bemanningssenteret ved Haukeland. Ho legg til at vikarane i tillegg får opplæring på den avdelinga dei skal jobbe.


Hjarte- og lungeredning

Opplæringsprogrammet omfattar blant anna obligatoriske e-læringskurs og opplæring i Dips og Hjarte- og lungeredning med hjartestartar (DHLR). Vikarane har også lært om handtering av aggresjon, kommunikasjon og etikk.

Éin dag med opplæring har vore obligatorisk for alle, mens sjukepleiarar ved somatiske avdelingar får to dagars opplæring fordi dei i tillegg treng opplæring i medisinsk utstyr og trygg pleie.