Ny berekning avreproduksjonsrate for Helse Bergens opptaksområde

Reproduksjonsraten (R) måler kor mange personar som i snitt blir smitta av ein smitta person, og gir derfor ein indikasjon på kor raskt smitte blir spreidd. Siste berekningar for Helse Bergen sitt opptaksområde viser ein reproduksjonsrate på 0,2.

​- Berekninga er basert på antatt tal på nye smitta i befolkninga over tid, og blir estimert på grunnlag av talet på nye innlagde pasientar i sjukehus, fortel Pål Ove Vadset, seksjonsleiar ved Helsetenesteutvikling på Haukeland universitetssjukehus.

Sidan R-verdien er berekna ut frå talet på innlagde på sjukehus i vårt opptaksområde, representerer R-verdien smitteveksten for ca. 10 dagar tilbake i tid, då det tar om lag 10 dagar frå ein person blir smitta til vedkomande ev. blir innlagt på sjukehus.

Dagram: reproduksjonstall

Diagrammet viser utviklinga i reproduksjonsrate (R) for heile Helse Bergens opptaksområde (Voss sjukehus, Haraldsplass diakonale sykehus og Haukeland universitetssjukehus).


Vadset understrekar at det er usikkerheit knytt til estimeringa av reproduksjonsraten (R).

- R-verdiane er sensitive for svingingane i talet på innleggingar. Sensitiviteten er høgare når smittetalet er veldig lågt, og omvendt. Vi anbefaler derfor å bruke resultata med varsemd, og for å sjå trendar eller generelle observasjonar, seier han.

diagram over antall innskrevet

diagram: antall utskrevne pasienter

Dei to diagramma viser talet på innleggingar og utskrivingar for pasientar med påvist koronavirus i Helse Bergen (Voss sjukehus og Haukeland Universitetssjukehus) dei siste 6 vekene.


For administrerande direktør Eivind Hansen gir estimatet på 0,2 grunn til å tru at sjukehuset kan ta unna elektiv aktivitet som normalt dei to neste vekene.

- Så blir det spennande å sjå kva som skjer deretter, seier han.
Hansen understrekar at vi framleis er i ein pandemi, og at ting kan endre seg kjapt.

- Det er lov å minne oss sjølve på kor viktige dei grunnleggande smitteverntiltaka er, seier han.

- Samfunnet har vore på hald sidan 12. mars, men mykje tyder på at sosial distansering og god handhygiene er blant dei viktigaste tiltaka vi har gjort. Det må vi halde fram med, understrekar Hansen.