Nokre endringar for pasientar ved Ortopedisk klinikk

Éin tilsett ved Ortopedisk klinikk testa positivt for covid-19 i helga. Sju tilsette i klinikken er i karantene, noko som får konsekvensar for enkelte pasientar.

​- Nokre poliklinikk-konsultasjonar ved Ortopedisk klinikk vil bli utsett eller gjort om til telefonkonsultasjonar, opplyser kommunikasjonsdirektør Erik Vigander.
Dei pasientane det gjeld, vil få beskjed.

Også ein planlagt operasjon har blitt utsett. Smitte-tilfellet har elles ikkje fått konsekvensar for pasientar ved klinikken.