Nøkkelen til det gode pakkeforløpet

I 2015 innførte Helsedirektoratet pakkeforløp for 28 kreftformer. Saman med pakkeforløpa kom forløpskoordinatorane. Kven er forløpskoordinatorane, og kva er oppgåvene deira?

Forløpskoordinatorane Annbjørg Hausken (frå v.), Margrethe Aarø Bjånesø, Britt Jorunn Tjore, Kjersti de Luengo, Bente Vargervik,
Forløpskoordinatorane Annbjørg Hausken (frå v.), Margrethe Aarø Bjånesø, Britt Jorunn Tjore, Kjersti de Luengo, Bente Vargervik, Jorunn Irene Hårklau og Turid Veland under samling for forløpskoordinatorar for kreft i Helse Vest i mai.

På Haukeland universitetssjukehus har alle avdelingar som behandlar kreft ein eller fleire forløpskoordinatorar. Forløpskoordinatoren er til stades i ein pasient sitt forløp fram til behandlingsstart, og ved overgang mellom avdelingar er det skifte av koordinator.

Skal føle seg ivaretatt

Sjukepleiar Annbjørg Hausken er forløpskoordinator ved Nevroklinikken, for pasientar med hjernekreft. Hausken er glad for at ordninga med forløpskoordinator vart innført då pakkeforløpa kom.

- Det handlar om å vere tilgjengeleg for pasientar og pårørande som blir utgreia med tanke på kreft.  At dei får tilstrekkeleg informasjon og føler seg ivaretatt, seier ho.

Typiske eksempel på kva oppgåver ein forløpskoordinator kan ha, er ifølgje Hausken

• å følgje med på innkomande tilvisingar som er merka med pakkeforløp
• å følgje med på innkomande tilvisingar som truleg blir pakkeforløp
• å følgje med, purre og sørge for legevurdering
• å passe på at pakkeforløpet er utan unødvendig ventetid
• å innhente prøvesvar, bilde, utfyllande informasjon
• å ha samtalar med pasientar og pårørande på telefon eller på sjukehuset
• å delta i og ofte organisere multidisiplinære tverrfaglege møte
• å ta imot henvendelsar frå tilvisar

Dei fleste forløpskoordinatorane er sjukepleiarar som Annbjørg Hausken, men nokre avdelingar bruker merkantile medarbeidarar som koordinator. Då er det lege eller sjukepleiar som har tettast kontakt med pasienten. Dei som jobbar tett på pasientar og pårørande, tilvisarar og behandlarar, har naturleg nok ei større arbeidsmengde knytt til koordinator-rolla enn dei som er reint administrative forløpskoordinatorar.

Viktig å vere tilgjengeleg

Kjersti de Luengo er postsekretær og forløpskoordinator ved Medisinsk avdeling, hematologisk seksjon. Ho er den som registrerer koder i DIPS i forbindelse med pakkeforløp, og i tillegg opplever ho som Hausken at det viktigaste med å vere forløpskoordinator er  det å vere tilgjengeleg for pasientar og pårørande.

- Det kan vere å svare på spørsmål, bistå med å finne ut av ting viss det skulle vere noko dei treng hjelp til, eller vidareformidle til andre kontaktar ved behov, seier ho.

Som postsekretær har ho sjeldan direkte kontakt med pasientar og pårørande sjølv. På Hematologisk seksjon er det lege som har den oppgåva, i samarbeid med sjukepleiarar.

Stort behov for informasjon

Spesialsjukepleiarane Turid Veland og Britt Jorunn Tjore er forløpskoordinatorar på Kreftavdelinga. Dei møter oftast pasientar som er ferdig utgreidd og skal starte behandling. Dei følgjer også opp pasientar som har starta pakkeforløp ved andre sjukehus, som skal vurderast og behandlast på Haukeland.
Typiske oppgåver er å registrere pakkeforløp i DIPS arena, svare på telefonar frå pasient, pårørande og andre forløpskoordinatorar internt og eksternt.
- Vi passar på at tilvising blir vurdert, vi purrar på timar og svar frå Radiologisk avdeling, og vi vidareformidlar og konfererer med lege i utgreiingsfasen, fortel Veland.
- Vi skal vere bindeledd mellom pasient og lege og mellom sjukehusa.

Ifølgje Veland er pasientar og pårørande ofte mest opptatt av at dei må få kome raskt til behandling, mange er redde og utrygge og treng informasjon.

- Vi skal gi dei informasjonen dei treng og snakke med dei i den vanskelege ventetida, gi tryggleik, understrekar Veland og Tjore.

Trygt å ha nokon som passar på og følgjer opp

Dette samsvarer godt med tilbakemeldingane Annbjørg Hausken får frå pasientane.
- For nokon kan ein samtale med god informativ informasjon vere avgjerande for korleis ventetida fram mot behandling blir opplevd og takl, fortel ho.
-  Informasjon som blir tilpassa akkurat deg, i tillegg til at nokon er  tilgjengelege dersom det dukkar opp spørsmål etter ein samtale, kan opplevast trygt og redusere stress.

For mange er det også godt å kunne vere trygg på at dei har personar som følgjer dei, som held tak i forløpet og etter beste evne passar på at tidsfristane blir haldne fram til behandling er i gang. 

- Ofte er det mykje logistikk i eit diagnostisk forløp, seier Hausken.

- For ein sjuk pasient eller ein redd pårørande er det ei stor lette at dei slepp å måtte sette seg inn i kven, kva og kor i helsevesenet.

Pakkeforløp for kreft

Forløpskoordinator pakkeforløp for kreft