HELSENORGE

No startar arbeidet på protontomta

I byrjinga av desember 2020 startar Helse Bergen arbeidet med å bygge protonsenter i Haukelandsbakken. I 2024 skal det nye senteret stå klart for å gje kreftpasientar frå heile landet meir skånsam strålebehandling. 

Protonsenter, Bergen 2021 from Haukeland University Hospital on Vimeo.

​Vi er i gang. Sjå filmen frå det første arbeidet på protontomta. 

Klargjering av tomta første steg 

Veidekke har fått kontrakten med å rive eksisterande parkeringsbygg og klargjere tomta. Dette arbeidet tek til i byrjinga av desember. 

For å knytte protonsenteret opp mot resten av sjukehuset vil det bli etablert ei tunnel- og heisløysing frå Sentralblokka og opp til protonsentret. Sprengings- og byggearbeidet i tilknyting til dette skal etter planen starte i januar.

- Dei som jobbar, bur og oppheld seg i Haukelandsbakken vil jo merke at endå eit byggeprosjekt no skal gjennomførast.  Parkeringsplassar forsvinn, og i periodar vil det bli meir trafikk med frakting av massar ut og bygningsmateriell og utstyr inn. I periodar vil ein også merke sprengingsarbeidet, seier Lars-Petter Smidt, prosjektleiar for protonbygget.  

- I byggeprosjektet er vi opptatt av å ta omsyn til dei som bur og ferdast her. Vi gjer det vi kan for å redusere støv og støy, og informerer om det som skal skje.  

Eit spesielt byggeprosjekt 

I tillegg til å klargjere byggetomt og starte arbeidet med tunnel- og heissjakt, vil 2021 innehalde oppstart av sjølve byggearbeidet. Hausten neste år  byrjar støypinga av betongfundament og sjølve bygget. I 2022 fortset byggearbeidet, i 2023 vert maskinparken til protonstrålinga heist inn og installert. Første pasient blir behandla i protonsenteret i 2024.  

- Det er eit spesielt bygg til eit spesielt formål som no skal reisast i Haukelandsbakken. Vi vil heile tida prioritere å få ut informasjon om kva som skjer til deg som bur eller jobbar i området, seier prosjektleiar Smidt. Han oppmodar folk til å ta kontakt dersom dei har spørsmål. 

Meir inform
asjon