No må vi prioritere dei sjukaste

Korona-pandemien utfordrar sjukehuset. Fleire og sjukare pasientar krev strengare prioritering.

Skal du ha ein planlagt operasjon, kan den bli utsett. Har du time på ein av poliklinikkane våre, kan du få tilbod om konsultasjon med lege over telefon eller video. Utsetjingane vil skje etter ei fagelg vurdering. 

I Helse Bergen førebur vi oss på at mange korona-smitta vil ha behov for sjukehusinnlegging  framover. Desse pasientane kjem i tillegg til pasientane vi behandlar til vanleg. Også når ein pandemi inntreff, kan folk få andre sjukdommar og skadar. 

- I tida framover må vi prioritere øyeblikkeleg hjelp og dei aller sjukaste  pasientane. Vi må sikre at vi har tilstrekkeleg kapasitet til dei pasientane det hastar mest for og som vil ha størst helsemessig gevinst ved intensiv behandling. Vi må derfor redusere talet på planlagde kirurgiske inngrep for å frigjere intensivkapasitet, seier administerande direktør Eivind Hansen. 

Det betyr også at vi vil måtte utsetje nokre avtalar som kan vente. Dette er svært lite ønskeleg for dei det gjeld og vi beklagar ulempene det medfører for den enkelte pasient og deira pårørande.

Alle som blir berørt av utsetjing, vil bli kontakta av sjukehuset og får beskjed  om korleis dei skal forhalde seg vidare. Gjeld dette deg, blir du kontakta på telefon eller brev. Ikkje ring oss.

Vi kjem også til å tilby polikliniske konsultasjonar per telefon eller video der det er mogleg. Dette kan vere eit tilbod for pasientar som treng kontakt for oppfølging og kontroll, men der fysiske undersøkingar ikkje er nødvendig.

Det er ikkje farleg å kome til sjukehuset, men kontakt med mange menneske aukar risikoen  for smittespreiing.