Musikkterapifestivalen 1- 2- 3

For tredje år på rad arrangerte musikkterapeutane ved Bjørgvin DPS festival med artistar frå tretrinnsmodellen.

Kvar haust sidan 2005 er det blitt arrangert kulturveke ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS). Mål for arrangementa har vore å gje menneske med psykiske helseplager ein arena til oppleving og uttrykk gjennom kunst og kultur. Dei siste to åra er kulturveka blitt komprimert til tre dagar under namnet Musikkterapifestivalen 1-2-3. Startskotet for årets festival gjekk på Bjørgvin DPS torsdag 1. november og avslutta med festivalkonsert på Café Opera to dagar etter.

 

Med indiske strengeinstrument stemt i 432 hertz sytte Osvaldo for rett harmoni og god stemning under festivalopninga på Bjørgvin DPS torsdag.

Nærmare 100 publikummarar fann vegen til avlsutningskonserten på Cafe Opera laurdag kveld. Foto: Rune Rolvsjord

Det var stor variasjon på Treffpunkt MOT82/U82-konserten i U82-huset fredag. Fyrste innslag var med grunge/metal-bandet Paranoid Ants (bilete), medan andre innslag var allsongen «Song til Åsane». Foto: Øystein Lydvo

Avslutningskonsert på Cafe Opera laurdag. Foto: Rune Rolvsjord

TV Vest var på besøk under opninga torsdag:


​Se innslaget her.

Festivalen tar utgangspunkt i artistar frå tretrinnsmodellen med
komponentane "inne, ute og eigedrive". 3 konsertar, 3 dagar, 3 trinn:
• Trinn 1: Musikkterapitilbod inne på Bjørgvin DPS. Open scene arrangement i gymsalen på Bjørgvin DPS.
• Trinn 2: Musikkterapitilbod ute ved U82-huset. Treffpunkt U82-MOT82, konsert på U82-huset.
• Trinn 3: Musikk som eigedriven aktivitet i lokalsamfunnet: Festivalkonsert på Cafe Opera.


Tretrinnsmodellen viser til korleis musikkterapi kan organiserast som eit gjennomgåande tilbod i Bergen ved spesialisthelsetenesta (trinn 1 - DPS), i primærhelsetenesta (trinn 2 - U82), og ut i det lokale kulturliv (trinn 3).
Musikkterapeutane ved Bjørgvin DPS jobbar utifrå ei økologisk samfunnsmusikkterapeutisk tenking som vektlegg samspelet mellom individ og samfunn.