Møt opp til timen din på sjukehuset

No trappar vi opp igjen den planlagde aktiviteten ved sjukehuset. Vi har svært strenge rutinar for smittevern for å hindre at du blir smitta eller kan smitte andre under koronavirus-epidemien. 

Grunna koronavirus-epidemien vart mange planlagde operasjonar, behandlingar og polikliniske avtalar avlyst eller utsett i Helse Bergen i mars. Sidan tilstrøyminga av pasientar med covid-19 har flata ut, trappar sjukehuset no opp talet på både operasjonar og polikliniske konsultasjonar. 

- Mange pasientar er i eit behandlingsforløp, og det er viktig at desse ikkje får unødige avbrot i si behandling. Derfor ber vi deg møte til timen din når du vert kalla inn, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.

Men før du kjem til timen, vil vi forsikre oss om at du ikkje kan vere smitta med covid-19. Og for å begrense trafikken inn i sjukehuset, vil vi, der det er mogeleg, tilby konsultasjon via telefon eller video. Andre vil få beskjed om at timen vert utsett. 

Målet er at vi skal handtere korona-pandemien over tid og gi pasientar med covid-19 nødvendig helsehjelp, samstundes som vi skal gi andre pasientar nødvendig helsehjelp slik at dei ikkje taper for mykje.
 

Er du usikker på om du kan møte til timen din? 

Har du akutte symptom som hoste, feber eller tungpust, eller andre symptom og trur du kan vere smitta av covid-19, bør du kontakte fastlegen din for vidare oppfølging, og eventuelt gje beskjed til oss om at du ikkje kan møte til timen din. 

Har du vore i nærkontakt med koronasmitte eller vore i utlandet dei siste 2 vekene? Då skal du kontakte sjukehuset via helsenorge.no eller ta direkte kontakt med avdelinga der du skal møte (sjå innkallingsbrev) eller på telefon 55975000, for å få utsett timen. 

Screening før du kjem inn på sjukehuset  

Alle pasientar som får time på sjukehuset skal screenast på førehand for mogleg covid-19 smitte, for å sikre at ingen tar med seg smitte inn i sjukehuset. Du kan bli kontakta på telefon eller fysisk når du kjem til sjukehuset i forkant av timen din for å gjennomgå nokre kontrollspørsmål knytta til kontakt med korona-viruset og eventuelle symptom på sjukdom. Du og eventuelt følgje vil også blir stilt dei same spørsmåla ved oppmøte for å sikre at de ikkje tar med smitte inn i sjukehuset. 

  • Dersom du svarer nei på alle spørsmåla vil timen din blir haldt som planlagd.
  • Dersom du svarer ja på eit eller fleire av spørsmåla, vil ansvarleg lege eller psykolog vurdere risikoen for smitte opp mot nytta du vil ha av å få gjennomført behandlinga.
  • Dersom vi vurderer at det ikkje er forsvarleg å gjennomføre konsultasjonen ved fysisk oppmøte, kan konsultasjonen bli utsett eller gjennomført via telefon eller video der det er mogleg. 

Når du kjem til sjukehuset 

Det er framleis adgangskontroll på sjukehuset fordi vi vil ha så lite folk som mogleg innomhus. Berre pasientar som treng følgje kan ha pårørande med seg inn på sjukehuset. Dette må klarerast ved avdelinga du har time ved. Dersom pårørande / hjelpepersonell skal følge med, må vedkommande også svare på spørsmåla.   

Når timen vert utsett

Dersom timen din vert utsett vil du få beskjed og bli kontakta av sjukehuset. Du vert kontakta på telefon eller brev. Dersom du er uroleg eller opplever forverring i tilstand medan du venter på ny time, er det viktig at du tek kontakt med avdelinga der du skal møte (sjå innkallingsbrev). 

Konsultasjon per telefon eller video der det er mogleg

Dette kan vere eit tilbod for deg som treng oppfølging og kontroll, der fysiske undersøkingar ikkje er nødvendig. Her kan du lese meir om korleis ein videokonsultasjon blir gjennomført. 

Personar med luftvegssymptom som er tilvist til blodprøvetaking 

Det er oppretta ein prøvetakingsstasjon for dei som har symptom på forkjøling i Ulriksdal Helsepark. Du må ha med rekvisisjon frå fastlegen, poliklinikkar i Helse Bergen eller Haraldsplass diakonale sykehus. Tilbodet gjeld vaksne og barn.

Pandemien er ikkje over

Slik situasjonen er no, trappar vi opp igjen den planlagde aktiviteten. Men korona-pandemien kan endre seg, noko som vil føre til at sjukehuset må omprioritere, og det kan komme endringar i planlagde timar på kort varsel.