Mohn-gåver gir betre kvalitet på behandlinga

Betre og meir presise diagnosar. Meir skånsam og nøyaktig kirurgi. Kortare liggetid og raskare rehabilitering. Attraktiv og innovativ arbeidsplass. Dei positive effektane står i kø når Trond Mohn gir rundt 45 millionar til ny kirurgirobot og ny CT/PET-skanner. I tillegg vil ein MR/PET-maskin han tidlegare har gitt, vere klar til bruk i løpet av 2018.

trond  mohn ser på ny investering
 

- Desse gåvene frå Trond Mohn gjer oss i stand til å vere i front av den medisinsktekniske utviklinga. Vi kan levere stadig betre kvalitet i behandlinga. Vi er utruleg heldige som har ein så raus givar, sa administrerande direktør Eivind Hansen, då han viste Trond Mohn rundt på Kirurgisk avdeling og tok den noverande Davinvci-roboten som han gav i 2009, nærare i augesyn.

Mohn likte det han såg.

- Eg er imponert over det eg har sett og er glad eg kan bidra. Frå min eigen bransje veit eg kor viktig god teknikk er for produksjonsflyten og at det gir færre reparasjonar. Viss dette er ivaretatt blir også sluttresultatet godt. Med topp medisinsk utstyr er sluttresultatet god behandling for pasientane, sa Trond Mohn. 

Kortare liggetid

Overlege Yngve Nygård demonstrerte korleis ein ved hjelp av avanserte «joysticker» to meter unna ein pasient kan styre «stålarmane» som med millimeterpresisjon utførar operasjonen inni kroppen. Avdelingssjef Christian Beisland forklarte.

- Vi kan operere meir nøyaktig samtidig som vi slepp «å opne» pasienten. Pasienten blir spart for smerte og kjem seg raskare, mens presisjonen gjer at vi får færre skadar. For prostatapasientar kan det bety at dei beheld potensen og unngår urinlekkasjar, seier Beisland, som også understrekar at liggetida er mykje kortare for «robotpasientar», i mange tilfelle meir enn halverte.


Stadig auke i bruk

Klinikkdirekør John-Helge Heimdal viste statistikkar om stadig aukande bruk av roboten til kirurgiske inngrep – ei firedobling sidan 2010. No får altså Haukeland ein robot til.

graf

- Frå rundt 70 operasjonar det første året er vi no oppe i nesten 300. Foreløpig er det flest urologiske inngrep med gynekologi på ein god andreplass, men vi ser også ein auke i gastro- og akuttkirurgi. Stadig nye pasientgrupper har nytte av robotkirurgi, blant anna hjarte og ØNH, og derfor er ein ny robot veldig kjærkommen. Dette er framtida, sa Heimdal, som viste til ei lang liste med positive effektar.

- Med to robotar med same grensesnitt får vi dessutan gode synergiar både med omsyn til effektiv utnytting og knytt til opplæring og utdanning av personell, seier Heimdal.

Trond Mohn har nyleg gitt ein Davinci-robot også til Universitetsykehuset i Nord-Norge (UNN) og er opptatt av samarbeid på tvers av fagmiljø både nasjonalt og internasjonalt.

- Eg håper de snakkar tett med kvarandre og utvekslar erfaringar med dei som har det same utstyret. Eg er sikker på at det å lære av kvarandre er ein suksessfaktor for å få mest mogleg nytte av robotane, sa Mohn.

Eit eige utval ser no på utvida bruk av robotkirurgi og alternative lokaliseringar i påvente av opprustinga av SOP (Sentraloperasjonen).

CT-kapasiteten aukar med 50 prosent

Ein ny kirurgirobot er ikkje det einaste nye på Trond Mohns etter kvart milelange gåveliste til Haukeland. Der står også ein ny CT/PET-skannar. Også her er nytteverdien for pasienten svært stor. Med ein ny CT/PET-maskin aukar kapasiteten på Haukeland med 50 prosent.

- Dette vil gi auka bildekvalitet, raskare undersøkingar og redusert strålebelastning. Samtidig er maskinen betre eigna for såkalt dosebehandling og gir forbetra protokollar innan nevrologi, onkologi, kardiologi og infeksjonstilstandar, seier Eivind Hansen. 

Eit liknande tidlegare Mohn-finansiert prosjekt er også snart klar til å bli tatt i bruk.

- Ny MR/Pet blir installert i Parkbygget og skal vere i drift innan utgangen av 2018. Vi har tidlegare sett av 25 millionar til ombygging, , seier administrerande direktør Eivind Hansen.

Denne maskinen fusjonerer såkalla anatomiske og metabolske bilde som bidrar til å kunne gi ein meir presis diagnose og meir skreddarsydd terapi, for eksempel svulstkarakteristikk. Dette gir både betre moglegheiter for utgreiing og terapimonitorering. Ein ny slik maskin har dessutan meir skånsame ikkje-ioniserande strålar, noko som er spesielt viktig knytt til barn og unge.