Miljøprisen 2019 til Haukelandstilsett

Linda Karen Eide, rådgivar ved seksjon Arbeidsmiljø og personalrådgiving, vart i går tildelt helseføretaka sin miljøpris for 2019.

Her er prisvinnaren saman med leiaren av juryen, Ivar Eriksen, og administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen.

I grunngjevinga for prisen heiter det blant anna at:

Prisvinnaren har vore engasjert i miljøarbeid i spesialisthelsetenesta i ei årrekkje, også før miljø blei sett på dagsordenen nasjonalt. Fleire vil hevde at vinnaren har vore tonegivande og ein viktig aktør for den nasjonale satsinga vi har sett på området dei siste 10 åra.


- Eg er både glad og stolt over at Linda gjennom sitt langvarige og utrøyttelege arbeid har sett gode og viktige spor etter seg i klimaarbeidet både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er svært gledeleg at innsatsen hennar no blir anerkjent på denne måten, seier personal- og organisasjonsdirektør Odd Andrew Storetvedt i Helse Bergen.

Prisen vart delt ut under Helseføretakas nasjonale miljø- og klimakonferanse, som vart arrangert i Bergen 20. og 21. Mars.


Formålet med prisen er å stimulere til godt miljøarbeid i spesialisthelsetenesta. Med prisen ønskjer ein å oppnå ei åtferdsendring i organisasjonen som påverkar miljøaspekta i verksemda. Miljøprisen er ei påskjønning for ekstraordinær innsats utover det som er vanleg i jobbsamanheng.

Vi gratulerer!