Midlertidig stenging av inngangen nord i Sentralblokka

På grunn av byggearbeid mellom Glasblokkene og Sentralblokka er vegen mellom desse to bygga stengt. Stenginga varer i drøye seks veker frå 20. august til 4. oktober. Det er ikkje mogeleg å gå eller køyre inn via inngangen i nord, og all biltrafikk på gå via innkøyrsla i sør.

Det vil i denne perioden ikkje vere mogeleg å nytte inngangen i nord til Sentralblokka. I tillegg er vegen mellom Sentralblokka og Gamle hovudbygg stengt.

Alle som skal til Sentralblokka på Haukeland med buss blir oppfordra til å bruke busstoppet Haukeland sør.

Dei som kjem gåande frå nord må enten:

  • ​gå via inngangen til sjukehusparken ved Haukeland hotell
  • gå gjennom tunnelen under Haukeland og så nytte inngangen som er i tunnelen. Dette er ikkje ein universelt utforma gangveg.
  • gå inn i Glasblokkene å så bruke tunnel derifrå til Sentralblokka.

​I tillegg blir Jonas Lies vei vest for Glasblokkene nattestengt i veke 34 og 35 på grunn av demontering av byggekran.

Det vil bli midlertidig skilta.

Sjå kart under: