Blodprøvetaking ved luftvegssymptom, inkludert uavklart koronatest

Barn og vaksne med luftvegssymptom, inkludert dei som ventar på prøvesvar på koronatest, og som er tilvist oss for blodprøvetaking, skal nytte blodprøvetakingseininga i Ulriksdal Helsepark.

​For å kunne tilby blodprøvetaking av personar med luftvegssymptom, har vi no opna ein mellombels blodprøvetakingseining i 1. etasje ved siden av apoteket i Ulriksdal 2 (Ulriksdal Helsepark). Det er eige inngang til blodprøvetakingseininga. Ulriksdal Helsepark er lokalisert like ved rundkøyringa rett nord for Haukeland universitetssjukehus.

Timebestilling

​Frå 18.mai blir det innført timebestilling for blodprøvetaking for personar med luftvegssymptom i Ulriksdal Helsepark.

Blodprøvetaking avtalast på førehand ved å ringje telefon: 55 97 31 00


Foto: Ulrikksdal helsepark


Timebestilling: Hugs at du må ha bestilt time på førehand på telefon 55 97 31 00


Rekvirering av blodprøvar er som vanleg; elektronisk i Interactor (eksterne rekvirentar) eller i DIPS (interne rekvirentar).
Papirrekvisisjon kan nyttast av legekontor utan elektronisk rekvirering. Det same gjeld for pasientar frå Haraldsplass.

Foto: Inngangsparti

 Foto: Dør

Foto av inngangsdøren, rett ved siden av apoteket.  

Ring på for å melde din ankomst.
Du vil bli møtt av personale i smittevernutstyr.

Personar utan luftvegssymptom har fortsatt eit tilbod om blodprøvetaking i 2. etasje i Sentralblokka, i blodprøvetakingseininga i Zander Kaaes gate eller ved Haraldsplass (henvending i ekspedisjonen).


Ansvarleg avdeling: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi