Midlar til etablering av protonsenter i Bergen

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2018 å sikre finansiering slik at det kan byggast protonsenter både i Bergen og Oslo. Tilbodet skal komme heile landet til gode.

​- Finansiering i form av tilskot og lån sikrar etableringa av protonsentera. Tilbodet vil vere spesielt viktig for behandlinga av barn med kreft. Eg er glad for at vi no kan gå i gang med bygginga av slike senter i Noreg, seier helseminister Bent Høie.

Partikkelterapi (protonterapi) er ei form for strålebehandling. Fordelen med slik behandling er at kreftsvulstar kan få meir nøyaktig stråling, og at stråledosen på friskt vev blir redusert. Dette reduserer mellom anna alvorlege seinskadar.

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2018 at det skal etablerast protonsenter både i Oslo og Bergen. Senteret i Oslo skal byggast på Radiumhospitalet, mens senteret i Bergen skal byggast på Haukeland. Tomta øvst i Haukelandsbakken ligg alt klar.  I regjeringa sitt forslag blir det lagt opp til at sentera skal stå ferdig i Oslo i 2023 og Bergen i 2024.
Det blir foreslått ei låneramme på 907 millionar kroner og ei tilskotsramme på 389 millionar kroner til protonsenteret på Haukeland. Dermed er eigendelen på 30 prosent fullfinansiert av staten.

- At vi fekk desse midlane var forventa, men ikkje desto mindre gledeleg. Å få på plass eit protonsenter her på Haukeland er sjølvsagt aller viktigast for pasientane som får både meir presis og meir skånsam behandling, men også for fagmiljøa. Dette betyr at Bergen og Haukeland framleis kan vera ein spydspiss innan kreftbehandling, og ikkje minst på forsking, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

Det er ifølgje Hansen lagt opp til tett samarbeid mellom Oslo Universitetssykehus  (OUS) og Helse Bergen.
- Slik kan vi sikre god kompetanseutveksling og fagleg samarbeid for å skape eit best mogleg tilbod nasjonalt.

Planlegginga i Bergen er alt godt i gang. Programstyret for prosjektet skal ha sitt første møte i byrjinga av juni.

- Der skal vi gå gjennom programdirektivet og sjå på pågåande prosessar nasjonalt og lokalt, i tillegg til å lage ein framdriftsplan, seier Eivind Hansen som sjølv er prosjekteigar for protonsenteret.