Marta Ebbing ny fagdirektør

Marta Ebbing (54) er tilsett som fagdirektør i Helse Bergen.

Marta Ebbing
 

- Eg er svært godt fornøgd med at Marta Ebbing har takka ja til stillinga som fagdirektør. Med henne får vi ei person med mykje kompetanse og brei erfaring både frå Haukeland universitetssjukehus, fylkeslegen og Folkehelseinstituttet. Ho vil bli ein viktig medarbeidar i den vidare utviklinga av Haukeland universitetssjukehus. Eg ser fram til at ho blir med på laget, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

Erfaring frå Haukeland

Ebbing arbeider i dag på Folkehelseinstituttet som fagdirektør for helseregistre. Men ho er på ingen måte ukjend i gangane på Haukeland universitetssjukehus. Ebbing har jobba både på Hjarteavdelinga, Lungeavdelinga og Anestesi- og Intensivavdelinga. Erfaring frå forsking har ho óg. Ho har medisinsk spesialitet i generell indremedisin og hjartesjukdommar og tok ph.d. grad mens ho var knytt til Hjarteavdelinga i 2010. Ebbing var og assisterande fylkeslege i Hordaland 2001 til 2003.


- Dette er ein kjempeviktig og utfordrande jobb som eg verkeleg ser fram til å ta fatt på. Eg brenn for ei sterk offentleg helseteneste og eg gler meg til å vere med å påverke korleis Haukeland universitetssjukehus løyser samfunnsoppdraget sitt, seier Marta Ebbing.

 

Startar 1. november

Som fagdirektør skal ho leie Forskings- og utviklingsavdelinga (FOU) som består av seksjonane for e-helse, fag og utdanning, forsking og innovasjon, helsetenesteutvikling, pasientsikkerheit og prestetenesta.


- FOU-avdelinga spenner over eit vidt fagfelt og har mange kompetente medarbeidarar. Det blir spennande å arbeide i skjeringspunktet mellom stab og leiing, seier Marta Ebbing.


Ho startar i jobben 1. november.