Mange forskingsprosjekt relatert til koronapandemien

Det er eit stort engasjement og ein høg aktivitet i forskingsmiljøa for kliniske studiar tilknytt COVID-19 pandemien – fleire er allereie i gang og andre er under planlegging, seier forskingsdirektør Renate Grüner ved Haukeland universitetssjukehus.

Haukeland deltar blant anna i ein WHO-behandlingsstudie. Her ønskjer ein å sjå på effekt av ebola og malariamedisin i behandling av alvorleg COVID-19. 

- Sjukehuset har forsøkt å leggje best mogleg til rette for klinikknær forsking, der koordinering på tvers av studiar for samtidig innsamling av laboratorieprøve er nøkkelen for å skåne pasientane og gjere det enkelt for helsepersonell, fortel Grüner.

Det vart sendt om lag 110 prosjekt til Norges forskningsråd innan skissefrist 23/3. Full søknadsfrist var 31/3. Regional etisk komité hastebehandlar COVID19-søknader. Stadig nye studiar vert godkjent.