Mammografiscreening stengt grunna Korona

Vi har stengt Mammografiscreeninga på Danmarksplass frå og med 13. mars grunna situasjonen rundt Koronavirus-epidemien.

Stansen ved senteret vil pr no vare til og med 28 mars. Kvinner som har fått time i denne perioden skal ikkje møte.

Kvinnene som blir ramma av stansen vil få ny time når drifta er i gang igjen.
 
Stansen gjeld ikkje kvinner som har time på Brystdiagnostisk senter på Haraldsplass.