Løyste største pasientfloke nokosinne

Tidlegare i juli låg 45 «øyeblikkelig hjelp» pasientar og venta på operasjon på Ortopedisk klinikk på Haukeland universitetssjukehus. Det er rekord! Kreative hovud og eit saumlaust samarbeide med Voss sjukehus var det som skulle til for å knekke ventelista.

Stornøgde: Jonas Fevang (t.v) og Knut Andreas Fjeldsgaard er kry av legane og anna helsepersonell på Voss og Haukeland som snudde seg rundt og meldte seg frivillig til å løyse ei stor pasientutfordring.

Avdelingsoverlege Jonas Fevang og overlege Knut Andreas Fjeldsgaard snakkar framleis om kor nøgde dei er av innsatsen til medarbeidarane både på Haukeland og Voss.

– Vi er ei avdeling som kvar dag går på full maskin, og statistiske variasjonar er ikkje ukjent for oss – men ei slik venteliste med «øyeblikkelig hjelp»-pasientar har vi ikkje sett før. Fleire av pasientane våre hadde brotskadar som ikkje kunne vente, dei måtte bli behandla med ein gong, forklarar Fevang.

Han var sjølv på ferie, men hadde tett kontakt med Fjeldsgaard på telefon.

Voss trådde til!

– Først fekk vi frigjort ei operasjonsstove internt på huset sånn at vi kunne ta unna pasientar med brot i lårbeinet. Så tok vi kontakt med Voss sjukehus som kunne hjelpe oss med to ekstra stover og helsepersonell, dersom vi hadde legar å avsjå, seier Fjeldsgaard. 

Og det var ikkje vond vilje å spore. Øystein Tandberg og Heid Elin Odland, begge legar i spesialisering, snudde seg rundt og meldte seg til å dra. 

– Det høyrest lett ut, men krev utruleg mykje koordinering. Ikkje berre skal pasientane og det medisinske helsepersonellet reise, pasientane skal få riktig informasjon, dei skal få vurdering, dei skal ha bedøving, legane skal utføre operasjonen på ein ny plass – for sjølv om vi jobbar med  det same, er ikkje nødvendigvis alt likt. Noko som i utgangspunktet høyrest ut som ein smal sak er eigentleg veldig kompleks, forklarar Fjeldsgaard.

Kollega på Voss sjukehus, overlege Sjur Børsheim, er berre glad for at dei kunne hjelpe til.

– Det krev planlegging for å få det til å gli enkelt, men på Voss er vi ikkje redde for å snu oss rundt. Vi er veldig glade for det gode samarbeidet vi har mellom avdelinga her og i Bergen, seier han. Han nyttar høve til å trekke fram sekretær Monica Bidne, som ein god støttespelar for å få logistikken på plass. 

Foran som eit godt eksempel

Viseadministrerande direktør, Clara Gram Gjesdal, er begeistra over korleis avdelingane løyste utfordringa.

Ortopedisk klinikk har ved fleire høve gått foran som eit godt eksempel på kva sjukehuset får til. Her jobbar det løysingsorienterte og endringsvillige fagfolk som ikkje er redde for å tenkje nye tankar.