- Vi er glade for at vi no kan opne opp for at fleire pasientar kan få besøk av sine nære og kjære medan dei er på sjukehuset. Samstundes må vi framleis ha restriksjonar for å hindre at verken pasientar, tilsette eller besøkande blir smitta eller kan smitte andre.
Dei besøkande må framleis ta kontakt med aktuell avdeling for å planlegge besøket, og vi vil stille spørsmål til alle besøkande for å vurdere om dei er ein smitterisiko. Dette gjer vi for å sørge for at det framleis er trygt å kome til sjukehuset. Dersom smittepresset aukar, kan vi måtte innføre strengare restriksjonar igjen, seier Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør i Helse Bergen.
Pårørande eller andre som har vore på utenlandsreise siste 10 dagar, kan ikkje kome på besøk. Dersom dei blir testa for koronavirus, kan dei ikkje kome på besøk før negativt prøvesvar føreligg.
Reglar for besøk på sjukehuset:
- Du kan ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon
- Alle besøk skal avtalast med aktuell avdeling på førehand
- 1-2 besøkande om gongen
- Max. 30 minuttar per besøk
- Besøk bør skje i visittid
- Du kan ikkje kome på besøk om du er i heimekarantene
- Du kan ikkje kome på besøk medan du ventar på prøvesvar mtp. covid-19-smitte
- Du kan ikkje ha symptom på akutt luftvegsinfeksjon
- Har du vore på utanlandsreise, kan du ikkje kome på besøk før 10 dagar etter heimkomst
Vi vil spesielt leggje til rette for besøk til dei som er kritisk sjuke eller døyande, pasientar med langvarige opphald, når pasient eller pårørande er barn, eller for ein partnar i forbindelse med føde- og barselstid.
Pasienthotellet opnar no opp for pårørande som vanleg, og dei kan bu saman med pasienten på hotellrommet.