Lanserte musikkterapivideo

Soul Party er eit tidlegare musikkterapiband frå Bjørgvin Distriktspsykiatriske senter (DPS). I vinter kom dei saman igjen for å lage musikkvideo, og måndag 27. august hadde «So Distant We Touch» premiere på Garage. Videoen skal brukast i kampanjen til Verdsdagen for psykisk helse utover hausten.

Soul Party på scenen under lanseringa på Garage

​Soul Party består av to tidlegare musikkterapipasientar og musikkterapeut Øystein Lydvo. Då musikkterapien vart avslutta i fjor, vart Soul Party naturlegvis oppløyst og dei tidlegare pasientane gjekk vidare som sjølvstendige musikarar med indiebandet Starlit Vibes. Under filmpremieren på Garage var det splitkonsert med Soul Party og Starlit Vibes etter filmframsyning.

Du kan lese meir om lanseringa hos Norsk forening for musikkterapi