HELSENORGE

​Kvinneklinikkens første forskingsdag

Den 20. oktober arrangerer Kvinneklinikken for første gong forskingsdag saman med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen.

Illustrasjon av fire kvinner i ulik fase av livet

Illustrasjon: colourbox.com

Program Kvinneklinikkens Forskningsdag.pdf


Forskingsdagen er i Bikuben med posterutstilling og foredrag. Her får publikum og deltakarar eit innblikk i viktig og aktuell forsking knytt til fødehjelp og sjukdommar som rammar kvinner.

Forskarane får vise fram kva dei forskar på, kvifor, kva resultat dei har kome fram til, og korleis denne kunnskapen kan nyttast.

Seinare på kvelden vert det prisutdeling og debatt i Litteraturhuset:

Kvifor har vi for lite kunnskap om sjukdommar som berre råkar kvinner?

Deltakarar i panelet er:
Grete Herlofson, Generalsekretær, Norske kvinners sanitetsforening
Kjell G. Salvanes, Professor, NHH
Anne Ma Dyrhol-Riise, professor II UiO, og seksjonsoverlege infeksjon, OUS
Susanne Albrechtsen, klinikkdirektør, Kvinneklinikken, Haukeland.

Klinikkoverlege Agnethe Lund ved Kvinneklinikken på Haukeland leier debatten.


Meld deg på!

Påmelding til Kvinneklinikkens aller første forskingsdag! (uib.no)

Påmelding til arrangementet på Litteraturhuset


 

Logoen til Høgskulen på Vestlandet 

          Logoen til Universitetet i Bergen 

Logoen til Helse Bergen