Ein typisk timeavtale for ein lungepasient involverer mange fagfolk: Ein bioingeniør som skal ta blodprøve, to ulike fagfolk som tar pusteprøver, ein lege og gjerne også ein avtale om røntgen.
Det blir gjort eit betydelig arbeid for å koordinere personell og undersøkingar til ulike konsultasjonar ved sjukehuset. Når pasienten ikkje møter til timen er det ofte slik at fleire, ikkje berre ein, av medarbeidarane våre ikkje får brukt tida si til det beste for pasientane.Helsesekretærane bruker mykje tid på å flytte timar, både dei som er meldt i god tid og dei som ynskjer endring tett opp mot timen. Nokre poliklinikkar replanlegger over 30 prosent av timane sine. Dette er svært arbeidskrevjande. Nokre undersøkingar krev også førebuing (f.eks. faste). Når ein time blir avlyst på kort varsel, er det ikkje alltid enkelt å få ein ny pasient klar til å stille.
Dei aller fleste møter
- Helse Bergen hadde nær 1 000 000 pasientkonsultasjonar i 2022, og nær 97 % av alle avtalane vart gjennomført som planlagt. Det er veldig bra, seier viseadministrerande direktør Clara Gjesdal.
- Sjukehuset freistar å halde på timane slik dei er sett opp, men må i nokre tilfelle flytte på dei. Pasientar kan også ha gode grunnar til å be om å få endra tidspunkt for konsultasjon, men det er viktig at ein avtale på sjukehuset vert høgt prioritert.
Då kan vi saman gjere køen litt mindre og ventetida litt kortare, seier Gjesdal.