Kunngjering om valresultat

Resultatet av val av og blant dei tilsette til representasjon i det regionale helseføretaket og styra i helseføretaka er klart. Det blei forholdstalsval i alle føretaka, noko som betyr at det blei stemt på ei førehandsdefinert liste.

valresultat 2019 iluustrasjonsbilde
 
​Det kom inn kun éi liste frå kvart helseføretak, inkludert Helse Vest IKT AS. Det betyr i praksis at det ikkje blei gjennomført eit fysisk val, men at dei som sto på lista blei valde. Desse representantane er valde for dei neste to åra.

Representantar i Helse Bergen 


  • Karen-Anne Stordalen, spesialsjukepleiar, føretakstillitsvald Norsk Sykepleierforbund.
  • Irene Hopsdal, hjelpepleiar, føretakstillitsvald Fagforbundet
  • Marianne Sæhle, psykiatrisk sjukepleiar, vara-føretakstillitsvald Norsk Sykepleierforbund.
  • Geir Arne Sunde, overlege. Føretakstillitsvald OF/Den norske legeforening. 
  • Linda Karin Gangstøe, helsesekretær. Vara-føretakstillitsvald Fagforbundet.
  • Yngvar Lunde Haaskjold, lege i spesialisering, føretakstillitsvald YLF/Den norske legeforening.
  • Tom Jarl Jakobsen, kardiologisk sjukepleiar, 2. vara-føretakstillitsvald Norsk Sykepleierforbund.
  • Aina Nærø Kristensen, overlege, vara-føretakstillitsvald OF/Den norske legeforening
  • Bjørn Magne Grindheim, anestesisjukepleiar. Hovudtillitsvald for Norsk Sykepleierforbund.
  • Vidar Lysne, sterilforsyningstekniker, tillitsvald Fagforbundet.