Kreftavdelinga i Parkbygget har no sjølvbetent innsjekk og betaling

Pasientane ved Kreftavdelinga kan no sjølv registrera seg og betala etter timen. Det blir òg lettare å finna fram i Parkbygget.

Den nye løysinga vil sikre betre køhandtering og gi betre oversikt for helsepersonell. Dette vil kunne bidra til å redusere kø for pasientar som skal til utredning eller behandling på poliklinikk.

Den nye sjølvbeteningsløysinga kan samanliknast med innsjekkingen ein har på flyplassar. Pasienten får informasjon om den aktuelle timen via SMS, og kan både registrere seg og ordne betalinga via eigen mobiltelefon. Ein kan også velje å betale med kort på sjølvbeteningsautomaten eller få tilsendt faktura gebyrfritt.

Systemet gir òg pasientene moglegheit til å vente andre stader enn i avdelinga, dei har oversikt på over avtalane på telefonen sin og får varsel når dei skal gå til time.

Første pasient har trua

Whenche Solstrand var første pasient som fekk prøva ut det nye sjølvbeteningssystemet onsdag morgon. Som den aller første pasienten vart ho møtt av fleire tilsette og Olav Mella, avdelingsdirektør for Kreftavdelingen. Han hadde med seg blomster og boka Mitt Haukeland av Eduardo «Doddo» Andersen.

Olav Mella gir første pasient en blomst

- Det er veldig gøy å få vera den aller første pasienten som får ta dette i bruk. Eg har trua på det nye systemet, men er samtidig glad for at det framleis er nokre blide ansikt i skranken om ein treng hjelp, seier Whenche.

- Vi som arbeider i Parkbygget er glad for å få dette på plass. Med gjerne 350 polikliniske pasientar på Kreftavdelingen dagleg, i tillegg til pasientar til nukleærmedisin ved Radiologisk avdeling, har vi ei stor utfordring i logistikken. Vi har store forhåpningar til løysinga. Den nye løysinga vil gi betre køhandtering og oversikt over pasientane for personalet. Det vil korte ned køane for pasientar som skal til utgreiing eller behandling i poliklinikken.Det vil nok både vera nokre tekniske - og logistikkmessige utfordringar i oppstarten, men det vil vera god erfaring vidare når andre bygg og avdelingar skal ta dette i bruk, seier Olav Mella.

Slik fungerer det:

Når du får tildelt time på poliklinikken, vil du få SMS som før.
Med den nye sjølvbeteningsløysinga får du i tillegg ei melding på SMS med registreringsinformasjon to timar før timen din.

Korleis registrere deg når du kjem til sjukehuset
Du registrerer at du er komen til sjukehuset anten via tekstmeldinga du får frå oss, eller på ein av sjølvbeteningsautomatane våre. Om du ønskjer hjelp, kan du framleis melde deg i resepsjonen der du har time.

Smittevern og pasientbehandling
Av smittevernomsyn vil sjukehuset avgrense trafikken inn i sjukehuset med framleis strenge smitteverntiltak og besøkskontroll. Alle som skal til timeavtale blir kartlagt på førehand for mogleg covid-19 smitte, for å sikre at ingen tar med seg smitte inn i sjukehuset.

Korleis finne fram
Ved registring kan du velje «Finne fram» og få opp eit kart som viser vegen til rett ventesone. Kartet får du òg opp ved å trykke på «Ventesone» på smarttelefonen. Det er òg tydeleg skilting til ventesonene i Parkbygget.

Korleis veit du at du er komen til rett ventesone?
Når du registrerer deg, får du ein referansekode som består av to bokstavar og to tal. Dersom du skal til fleire undersøkingar same dag, er referansekoden din den same heile dagen. Referansekoden vil du finne igjen på skjermen på venterommet. Når status ved referansekoden din endrar seg frå «VENT» til «GÅ TIL», skal du gå til det rommet som er oppgjeven på skjermen. Denne informasjonen får du òg på smarttelefonen din.

Korleis betale
Dersom du skal betale, vil du etter timen få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura (gebyrfritt).
Du kan òg betale med kort på sjølvbeteningsautomaten eller i resepsjonen.