Kreativitet aktiverer eigen styrke

- Det er ikkje om å gjere å vere flink. Det viktige er å gå på oppdagingsferd og gjerne gløyme tid og stad, seier kunstterapeut Irén Kleiven.

​Gjennom prosjektet «Kunsten å bli frisk» har Kleiven vore tilsett som kunstterapeut ved Barne- og ungdomsklinikken sidan august 2017.

Kunstterapeut Irén Kleiven

- Mi rolle som terapeut er å møte barnet der det er i sin situasjon og legge til rette slik at det friske får større plass, seier Kleiven. (bildet)

- Vi er aldri berre sjuke. Målet med den terapeutiske kunsten er å nå inn til det vesle, store barnet som ber sjukdommen.

«Kunsten å bli frisk» er et samarbeidsprosjekt mellom Kunstfrisk og Haukeland Universitetssjukehus - eit prosjekt som skal løfte barna opp og fram. Tilbodet om kunstterapi som del av prosjektet var nytt frå august 2017. Prosjektet er treårig og har som formål å utvikle og etablere eit tilbod innan kunstterapi for barn og unge ved Haukeland. Kunstterapeut Irén Kleiven starta i ei 20 prosent stilling i august 2017. Ved hjelp av sponsormidlar auka stillinga til 80 prosent frå 1. januar 2018. Kleiven jobbar no ein dag i veka på BUS og tre dagar på BUK, med base i Leiketerapien. Håpet er at stillinga skal gå frå prosjekt til drift når dei tre åra er omme.

- På sjukehus er de mykje venting og ein veit lite om kva som skal hende. Når barnet får uttrykke seg kreativt er håpet at det midt i alt det usikre kan kjenne seg trygg ei stund, seier Kleiven.

Emma maler

Emma, 11 år sit i senga si og måler. Ho vil måle ei julegåve, men vil ikkje seie kven som skal få ho.

- Det beste er om uttrykket får stå fritt, utan for mykje innblanding frå oss vaksne. Så snart noko hender på papiret, er ein “samtale” i gang. Det er samtalen barnet har med seg sjølv ved hjelp av fargar og former. Det hender barnet sjølv vil sette ord på det som hender i prosessen. Det er svært kontaktskapande.

Maleri av hjerter

Marie 7 år måler hjarte. Så vil ho ha med stjerner: "Eg synest stjerner og hjarte høyrer så fint saman. Det er som dei er vener".

Kleiven er opptatt av at vi møter barnet på den rette måten. Greier vi å vere meir undrande enn å tru at vi må tolke det vi ser?
-Som ein leik kan barnet starte på ei reise inn i denne verda av fargar, og her skal det få lov å bestemme heilt sjølv. Det er ikkje om å gjere å vere flink. Det viktige er å gå på oppdagingsferd og gjerne gløyme tid og stad, seier ho.
- Kan hende vil det bli noko som liknar på noko, kan hende blir det ei fargestemning. Ingenting er rett eller feil. Eg tek alltid utgangspunkt i det som utspelar seg på papiret, prøver å vere open og unngå forhasta slutningar. Møter eg barnet over tid legg vi saman ut på ei reise der tankar og kjensler kan bearbeidast. Då er det fint at barnet sjølv kan skape alle dei fargar og former det treng for å uttrykke seg. Meir enn å gje svar, prøver eg å sjå til at “samtalen” barnet har starta ikkje stoppar opp. Kvar reise er unik fordi kvart barn er unikt. Målet er at reisa skal gje meir kraft.

Iris (8) har besøk av kusina Kaja (9). Dei sit saman og målar bilde på bilde. Her er to fine nissar som skal få bli med heim: