- Den tilsette som er smitta og dei som er i karantene jobbar på ei avdeling som allereie har eit høgt sjukefråvere og høgt belegg med stor pågang for øyeblikkeleg hjelp. Difor er det diverre nødvendig at vi tek ned den planlagde aktiviteten dei neste dagane, seier klinikkdirektør ved KK, Susanne Albrechtsen.
- Det er ingen andre som har vore på Kvinneklinikken dei siste dagane som har grunn til å vere bekymra at dei har blitt smitta på klinikken, seier Albrechtsen.
Dette inneber utsetjing av nokre elektive (planlagde) gynekologiske pasientar dei neste dagane. Nokre poliklininiske timar har blitt flytta allereie og fleire timar kan bli flytta.
Den tilsette er smitta utanfor jobb. Smittesporinga er avslutta. Gynekologisk seksjon har kontakta alle pasientar som er påverka av situasjonen.
For meir informasjon kontakt:
Susanne Albrechtsen, klinikkdirektør
55976653 / +4792410884