Korona: Besøk på sjukehuset

Helse Bergen opnar opp for besøk når vi er sikre på at dette kan gjerast på ein trygg og god måte.

Onsdag kom styresmaktene og Folkehelseinstituttet med nye tilrådingar, som opnar opp for besøk til pasientar innlagde på norske sjukehus.

I tilrådingane er det framleis mange punkt som må ivaretakast, slik at besøk kan skje på ein trygg og god måte. Det er også presisert at det må gjerast lokale tilpassingar, og det er opp til kvart enkelt helseføretak korleis ein organiserer dette. Helse Bergen skal derfor sjå nærare på dette og vurdere tiltak, før vi opnar opp att sjukehusa for pårørande.

- Vi må planleggje dette grundig før vi opnar opp att for besøkande, slik at vi tek i vare tryggleiken for pasientar og tilsette. Det er den viktigaste oppgåva vår. Vi kjem tilbake med ein plan for dette i neste veke, seier administrerande direktør Eivind Hansen.