Korleis førebur sjukehuset seg på å ta imot pasientar med mogleg coronavirus?

- Vi følgjer situasjonen nøye, er godt førebudd og har beredskapsplanane klare for korleis handtere situasjonen dersom det skulle bli mange smitta. Dette blir evaluert kontinuerleg. Slik det er per no er vi rolege, og anbefaler alle som vanleg å fokusere på god handhygiene (handvask med såpe og vatn/bruke handdesinfeksjonsmiddel) og halde seg heime ved sjukdom.

Foto: Katrine Sunde, Kommunikasjonsavdelinga v/Haukeland universitetssjukehus

​Det seier seksjonsoverlege Trond Bruun, ved Infeksjonsmedisinsk seksjon på Medisinsk avdeling.

- Coronaviruset er ikkje påvist i Noreg, men vi er sjølvsagt førebudd på at det kan komme. Då vil det viktigaste vere å ta vare på den enkelte pasient, deretter å hindre vidare smittespreiing for at det ikkje utviklar seg til eit større utbrot. Sjukehuset har viktige roller i begge desse tilfella, understreker Bruun.

Han fortel at det førebels er stor usikkerheit knytt til om viruset kjem til Noreg, samt eventuelt kor mange som kan bli sjuke.

- Vi har regelmessig kontakt med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet og følgjer til ein kvar tid oppdaterte anbefalingar.


FAKTA:
Nytt coronavirus (2019-nCoV) er eit tidlegare ukjent coronavirus som frå desember 2019 har ført til eit utbrot av luftvegsinfeksjon i storbyen Wuhan i Hubei-provinsen sentralt i Kina. Etter kvart er også andre område i Kina affisert, og det er påvist sporadiske tilfelle i utlandet. Tal på tilfelle og geografisk spreiing endrar seg dagleg. Verdas helseorganisasjon  (WHO) har nøyaktige opplysningar om kor stort utbrotet er på sin nettstad. Det er rapportert at dei fleste smitta har mild sjukdom, men også alvorleg lungebetennelse og dødsfall er rapportert, spesielt hos eldre med alvorleg tilgrunnliggjande sjukdom. 

Les Influensasenteret sin "10 kjappe om coronaviruset"