Korleis blir framtidas sjukehus?

Ved Haukeland universitetssjukehus jobbar ei prosjektgruppe med sjukehuset sin utviklingsplan fram mot 2035. Kva er ein utviklingsplan og kvifor treng vi det?

– Planen skal gje retning for korleis vi skal utvikle sjukehuset fra mot 2035. Her skal vi definere kva mål og tiltak vi må jobbe med framover for å møte behovet for helsetenester i 2035, forklarar administrerande direktør Eivind Hansen.

Ei rekkje medarbeidarar i sjukehuset har vore med på å leggje strategiar for alt frå kompetanse, forsking og innovasjon, teknologi, organisering og leiing, til bygg, økonomi og samhandling. Det nye med utviklingsplanen er at ein skal sjå alle desse i samanheng, og at mål og tiltak skal samlast i ein og same plan. Alle sjukehus i landet skal lage utviklingsplanar.

Plan for framtida

– Det er riktig og viktig at planleggjinga vår får ein lenger tidshorisont, og at vi i større grad klarar å sjå mål og tiltak på ulike område i forhold til kvarandre, seier Hansen.

 

Portrett Clara Gjesdal. Foto
Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.
Det er viseadministrerande direktør Clara Gjesdal som er ansvarleg for utviklingsplanen. Ho er einig med Hansen, og tykkjer det er ei spanande oppgåve å planleggje framtidas sjukehus:

 

– Dette handlar om å prøve å sjå inn i glaskula. Då må vi sjå på alle moglegheitene, ikkje avgrensingane. Vi ønskjer openheit rundt prosessen og dei spørsmåla vi diskuterer. Derfor legg vi til rette for brei involvering og god informasjon.

Dei som er interesserte kan følgje med på nettsida til utviklingsplanen for Haukeland universitetssjukehus.

– Vi er glade for alle som deltar og bidrar i dette spanande arbeidet, seier Gjesdal.

Kven er med i prosjektgruppa og korleis jobbar dei?

Ingvild Sunde frå Strategi, organisasjon og leiing ved Personal og organisasjonsavdelinga leiar arbeidet med å få sjukehuset si utviklingsplan på plass.

Prosjektgruppa er sett saman av representantar frå dei tillitsvalde, vernetenesta, brukarutvalet og stabsmiljøet. Gruppa førebuar og gjennomfører møte med ungdomsrådet, brukarutvalet, tillitsvalde, verneombod, medarbeidarar, leiarar og eksterne samarbeidspartnarar.
 
– I tillegg er fleire arbeidsgrupper, samansett og leia av fagfolk, i gong med å utforske utvalde tema. Dette er blant anna framtidig behov og kapasitet for biletdiagnostikk, operasjonsstover og pasientsengar, forklarar Sunde.
 

Kva skjer i prosjektet no?

Prosjektgruppa jobbar no med å kartleggje no-situasjonen for pasientbehandling, pasienterfaringar, bemanning, kompetanse, forsking og innovasjon, organisasjon og leiing, økonomi, bygg, teknologi og utstyr og klima/miljø.
 
– Vidare skal vi gje oversikt over kva overordna strategiar og føringar som gjeld, og korleis trendar vil påverke sjukehuset, seier Sunde.
 
– Vi kjem til å invitere klinikkane og avdelingane i heile føretaket, både innanfor psykiatri og somatikk, frå Hagavik til Voss, til arbeidsmøte i februar og mars. I tillegg skal vi ha arbeidsmøte med eksterne samarbeidspartnarar som utdanningsinstitusjonane og kommunane. Saman skal vi setje mål og tiltak som er nødvendige for å vidareutvikle eit godt tilbod til pasientar og pårørande fram mot 2035.
 
Utviklingsplanen skal behandlast i styret i juni 2018.