Haukeland oppmodar alle som kan om å nytte seg av offentleg transport når dei skal til sjukehuset, men er takknemlege for parkeringsalternativ for dei som må bruke bil.
-Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønskjer å parkere på Haukeland, seier avdelingssjef Kari Riis ved eininga Hospitaldrift.
- Dette har vore ei utfordring over tid, og det gjer vi merksam på i innkallingsbreva alle pasientane får. Vi håper på forståing for at vi ber dei som kan om å nytte seg av offentleg transport, og at dei som klarer å gå eit lite stykke kan parkere på Haraldsplass når det er fullt hos oss. Vi er glade for tilbodet frå naboen.
Her er frå innkøyringa til Sentralblokka på Haukeland i sør.
Ønskjer velkomen
Haraldsplass Diakonale Sykehus opna nyleg nytt parkeringshus i fjellhall, i retning Haukeland, der det er rikeleg med parkeringsplassar.
- Vi har i snitt 100 ledige parkeringsplassar på dagtid kvar dag, også i den mest travle perioden på formiddagen, fortel Jan Henning Theis, administrerande direktør i Haraldsplass Diakonale Stiftelse.
- Pasientar og pårørande som skal til Haukeland er hjarteleg velkomne til å parkere hos oss.
Les meir om parkeringstilbodet på Haraldsplass
Store delar av Haraldsplass er for tida ein byggeplass, men innkøyrselen til det nye parkeringsanlegget er godt skilta.Det er om lag ti minutts gange frå Haraldsplass sitt nye parkeringshus til Sentralblokka på Haukeland. Har du god helse kan du gjerne parkere i fjellhallen og sette av litt ekstra tid til å gå til sjukehuset. Om du får skyss, kan den som køyrer deg sleppe deg av på Haukeland og deretter parkere på Haraldsplass.
Harlaldsplass har same parkeringsprisar som Haukeland.
Her er parkeringsplassane på Haukeland
For dei som av ulike årsaker må bruke bil og parkere på Haukeland, er det parkeringsplassar på ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Både i Sentralblokka, på hovudområdet og ved Kvinneklinikken/Augebygget. Det er eigne handikap-parkeringsplassar i alle parkeringsanlegga.
Langtidspasientar og pårørande som har attest frå avdelinga dei tilhøyrer om redusert parkeringsavgift må nytte seg av parkeringsplassar på Haukeland.
Les meir om kor du kan parkere Les meir om korleis du kjem deg til sjukehuset