Kompetansebyggande hjartebehandling

50-60 pasientar med hjartesjukdom fekk hjelp dei to vekene hjarteteamet frå Haukeland var i Etiopia nyleg. 

Seksjonsoverlegar ved kvart sitt sjukehus i kvart sitt land, Berhanu i Etiopia og Rune Haaverstad i Noreg.

Før dei reiste hadde prosjektleiar og professor Rune Haaverstad eit håp om å kunne utføre 10 opne hjarteoperasjonar.
Les meir om planane for turen
Dei klarte 11. Pasientane var først og fremst unge pasientar med giktfeber og alvorleg hjarteklaffsjukdom.

 

Norske og etiopiske kirurgar under operasjon
Seksjonsoverlege Berhanu og operasjonssjukepleiar Titzina frå Black Lion (til venstre), i samarbeid med professor og seksjonsoverlege Rune Haaverstad og overlege Atle Solholm.

 

- Den yngste vi opererte var ei jente på 18 år med giktfeber, ho fekk bytta ut to hjarteklaffar og reparert ein hjarteklaff, fortel Haaverstad.

Nye operasjonsstover og intensivrom

Hjarteteamet opererte like mange pasientar denne gongen som då dei var i Addis Abeba i mars 2016, og det går svært bra med alle.

- Faktisk betre enn sist gong, og det sjølv om vi opererte under dårlegare forhold denne gongen, fortel fag- og operasjonssjukepleiar Tarja Valtanen.
 
I mars utførte dei alle inngrep ved det private Cardiac Centre of Ethiopia, som ligg like ved det offentlege universitets- og utdanningssjukehuset Black Lion Hospital. Det siste året har Black Lion bygd opp nye operasjonsstover, blant anna for hjartekirurgi. I tillegg har dei bygd ein kat.lab (laboratorium for hjartekateterisering og pacemakerinnlegging) og to intensivrom. Men dei nye romma hadde ikkje vore i bruk før teamet frå Haukeland kom.

 

Undervisningssituasjon i Etiopia. Opplæring i bruk av hjarte/lungemaskin
Perfusjonist Knut Nesheim underviser etiopiske kollegaer i bruk av hjarte/lungemaskin.

 

Kaos i starten

- Det var kaos dei første dagane for å få alt på plass, fortel Valtanen.

- Pallane med utstyr som vi hadde sendt ned kom før oss, men vi måtte rigge alt før vi kunne begynne.

For å få mest mogleg ut av dei to vekene dei hadde til disposisjon, delte teamet seg i to. Den eine halvparten rigga dei nye romma, resten screena pasientar for eventuell operasjon eller ballongutviding av hjarteklaff. Dag tre  begynte dei å operere.

- Då vi først var i gang fungerte det bra, understrekar Valtanen.
 

Sjølv om det stadig dukka opp overraskingsmoment som straumstans, vassmangel, vasslekkasje, gasslekkasje og problem med sterilisering av operasjonsutstyr.

-Vi fekk det til fordi vi visste det ville bli mange hindringar. Med hjartekirurgi, som har stor risiko, er det heilt nødvendig å reise med eit stort team med dyktige spesialistar innan kvart sitt område, supplerer Haaverstad.

 

Pauserommet på Black Lion Hospital
Halve teamet på lagerrommet som vart brukt til møter, lunsj, gjennomgang av pasientar, pausar, bursdagsfeiring – alt skjedde på dette rommet.

 

Behandling og opplæring

I alt fekk mellom 50 og 60 hjartesjuke pasientar hjelp dei to vekene teamet var i Addis Abeba, og nokre av pasientane som vart behandla for eitt år sidan vart kontrollert.

 

Kardiolog Håvard Dalen
Kardiolog Håvard Dalen frå St. Olavs Hospital i Trondheim utførte ekko på alle hjarteoperasjonane, både før og under inngrepet.

 


Med hjelp frå samarbeidande hjarteteam frå Linkøbing i Sverige, intervensjonskardiolog frå Stavanger og kardiolog med spesialkompetanse i ekkokardiografi frå St. Olavs Hospital i Trondheim, har dei blant anna operert inn 16 pacemakere og utført ballongutviding av 15 tronge mitralklaffar. I tillegg kjem opplæring innan både hjartekirurgi  og kardiologi,  og fysioterapi og anestesi/intensivbehandling ved hjartekirurgi. Dei har også  undervist i hjarte-lungeredning og hjarteinfarktbehandling.

 

Sjukepleiarar frå Haukeland underviser etiopiske kollegaer i hjarte/lungeredning.
Sjukepleiarar frå Haukeland underviser etiopiske kollegaer i hjarte/lungeredning.

 

Gjensidig kompetansebygging

Det er direktør Jon Wigum Dahl ved Avdeling for internasjonalt samarbeid glad for. Saman med spesielt Hjarteavdelinga, men også KSK, Medisinsk-Teknisk avdeling og Fysioterapiavdelinga, har hans avdeling regien på gjennomføringa av prosjektet.

- Det viktigaste er sjølvsagt at så mange har fått hjelp, seier han.
- I tillegg er undervisningsdelen av prosjektet svært viktig, og den har vi kome godt i gang med på denne turen. Neste opphald får kompetansebygginga endå større fokus.

 

Wigum Dahl understrekar samtidig at kompetansebygginga går begge vegar.
- Vi bygger opp hjartekirurgien i Etiopia, men for våre folk er dette også viktig volumtrening på sjukdommar og inngrep dei ikkje gjer så ofte.


Det kan overlege Atle Solholm skrive under på.

- Vi får vel så mykje ut av eit slikt opphald som å hospitere hos sjukehus i Oslo eller Stockholm, samtykker han.

- Du får ei heilt anna mengdetrening enn det du får her heime.


Mange støttespelarar

Hjarteprosjektet er finansiert gjennom Avdeling for internasjonalt samarbeid, i tillegg til ei vesentleg  støtte til utstyr frå Trond Mohn.  Prosjektet har også fått bidrag frå  Landsforeningen for Hjarte- og Lungesyke (LHL), utstyrsleverandørar,  og frå andre avdelingar ved HUS.

St. Olavs Hospital har gitt viktig støtte ved å sende med kardiolog og låne ut ekkokardiografi-utstyr.