Klare for auka luftsamarbeid i vest

Tru på godt samarbeid, glede over å få éin AMK LA-sentral å forhalde seg til og høge forventningar til nye prosedyrar for luftambulansekoordinering. Det var nokre av tema som gjekk igjen då Mottaksprosjekt AMK LA hadde si første samling denne veka.

Første samling i Mottaksprosjekt AMK LA var prega av god samarbeidsånd.

Til stades var representantar frå både AMK Bergen, AMK Stavanger, AMK Førde, AMK Fonna, AMK Oslo, Norsk Luftambulanse AS og Helse Vest IKT. I tillegg var KoKom, Traumesenteret og Brukarutvalet representert. Lokaliseringsdebatten som gjekk i forkant av vedtaket om å legge AMK LA-funksjonen til Bergen var lagt vekk, og ei positiv innstilling til samarbeid prega mottaksprosjektet sin kick off.

- Dagane blei nytta til nettverksbygging og konstruktive diskusjonar om geografiske forskjellar og behov, fortel prosjektleiar Shamini Murugesh.
- Det var ein positiv og løysingsorientert gjeng som møttest, med eit felles ønske om å få dette til.

Forsvarleg overføring av funksjonar

I mai 2019 vedtok styret i Helse Vest RHF å leggje AMK-LA- funksjonen til Helse Bergen. Styret vedtok samstundes at Helse Bergen skulle etablere eit mottaksprosjekt for å sikre ei forsvarleg overføring av funksjonane knytt til koordinering og Flight following av luftambulansane frå AMK Stavanger og AMK Førde til AMK Bergen.


Mottaksprosjektet AMK LA  er organisert etter den same modellen som Helse Midt brukte då dei la AMK LA-funksjonen til regionsjukehuset St. Olavs Hospital.
Prosjektet har definert 10 arbeidspakkar som det skal jobbast parallelt med i prosjektperioden, med arbeidsgrupper sett saman av representantar frå dei ulike føretaka.  Arbeidspakkane femner om alt frå prosedyrar til opplæring av luftambulansekoordinatorar til overtaking av Regional AMK.

Ser fram til auka samarbeid

Under samlinga i Bergen denne veka, fortalde leiarane av alle dei fire AMK-sentralane om sine forventningar til prosjektet, og om utfordringar dei ser kan kome.
Anne Karoline Tyssøy Pedersen frå AMK Bergen opna runden.
- Vi skal samarbeide og utvikle oss saman for pasientens beste, understreka Pedersen.

AMK-leiarane frå Førde, Bergen, Stavanger og Haugesund.

Helene Sæterdal frå AMK Førde, Anne Karoline Tyssøy Pedersen frå AMK Bergen, Øyvind Øverland frå AMK Stavanger og Irene Vold frå AMK Haugesund.

Helse Fonna er det einaste føretaketi vest som ikkje har eigen luftambulanse. Frå AMK Haugesund stilte leiar Irene Vold.
- Vi gler oss veldig til å få éin sentral å forhalde oss til. Vi har god erfaring med å «shoppe» luftambulanse, og blir alltid tatt godt imot uansett kor vi ringer, men vi erfarer at vi bruker mykje tid på å ringe til den eine eller den andre, fortalde ho.
Vold understreka også behovet for å få prosedyrar som vil vere like uavhengig av kven ein snakkar med og kva sentral dei tilhøyrer.

Frå AMK Førde fortalde Helene Sæterdal om forventningar både til nye prosedyrar og opplæring, og då opplæring begge vegar:
- Vi forventar å få opplæring i korleis vi skal bestille og dokumentere, og så forventar vi å få lære opp AMK Bergen i våre lokale prosedyrar og dei spesielle  utfordringar geografien i vårt fylke gir oss.
Sæterdal fortalde også at dei er spente på korleis varslingsrutinane vil bli.
Sist, men ikkje minst, understreka AMK Førde at dei er vande til å samarbeide, og ser fram til vidare samarbeid.
- Vi vil nok møte nokre utfordringar undervegs, men det trur vi skal gå bra. Vi skal finne løysingar og spele kvarandre gode, sa Sæterdal.


Øyvind Øverland frå AMK Stavanger starta sitt innlegg med å forsikre om at Stavanger er positivt innstilt til prosjektet, sjølv om AMK LA-funksjonen gjekk til Bergen.
- Den diskusjonen er vi ferdige med. No ser vi fram til godt samarbeid, sa Øverland.
Han trekte spesielt fram behovet for å lage gode prosedyrar, og han understreka kor viktig det er at leiarane går føre som gode eksempel.
- Vi må vere lojale til beslutningar og vise at vi meiner det som blir vedtatt, sa leiaren for AMK Stavanger.

Back up på Vestlandet
Også Åsmund Aune, seksjonsleiar for AMK LA Oslo, var til stades under kick off- en. Han kunne fortelje at Helse Sør-Øst ser fram til å få ein back up-sentral i vest om sentralen i Oslo av ein eller annan grunn skulle falle ned, og at dei ser fram til å få éin sentral å forhalde seg til. Aune kunne også forsikre om at Oslo ønskjer å dele både prosedyrar og erfaringar med mottaksprosjektet på Haukeland.

- Det har alltid vore eit godt samarbeid mellom dei ulike AMK-sentralane, og ein positiv bieffekt av dette prosjektet må vere at vi får eit endå betre samarbeid, oppsummerer prosjektleiar Shamini Murugesh.