Forrige veke heva Helse Bergen beredskapsnivået i sjukehuset til grøn beredskap.
Bakgrunnen for dette er auka tilstrøyming av Covid-19-pasientar, auke i innleggingar av pasientar med andre luftvegssjukdommar (RS-virus), generelt høg aktivitet i heile føretaket og bemanningsutfordringar.
- I denne situasjonen er det svært viktig for kapasiteten på sengepostar og avdelingar at vi får transportert ferdigbehandla pasientar ut frå sjukehuset same dag som slik transport blir bestilt, seier avdelingssjef Øyvind Østerås i Akuttmedisinsk avdeling og avdelingssjef Ann-Mari Høiland ved Avdeling for pasientreiser, Helse Bergen.
Dei ber no alle som rekvirerer pasienttransport om å bidra ved å:
- Undersøke om pasienten kan ordne reisa sjølv; Køyre privat eller nytte offentleg transport
> Grunna koronavirus vart det innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar får dekka reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg. Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa. - Rekvirere drosje eller rullestoldrosje, framfor Syketransport og ambulanse, til pasientar som ikkje treng liggande transport eller medisinsk tilsyn
- Bestille transport dagen før eller så tidleg på dag som mogleg
Dette vil Akuttmedisinsk avdeling og Avdeling for pasientreiser sjølve gjere for å betre situasjonen:
- Sikre eller auke kapasiteten på Syketransport og ambulansar på ettermiddag og kveld
- Undersøke moglegheiter for å få bistand via avtalar med frivillige organisasjonar
- Ved lang ventetid vil vi gå i dialog med rekvirent om andre moglege transportalternativ
- Pasientreiser vil samkøyre pasientar med drosje ihht FHI sine retningslinjer, og oppfordre til bruk av munnbind
- Dette er ein krevjande situasjon for alle involverte, og vi håper på godt samarbeid for å gjere belastninga på pasientar og pårørande minst mogleg, seier Østerås og Høiland.