HELSENORGE

Kapasitetsutfordringar for pasientreiser

Nye retningslinjer frå FHI gjer at pasientreiser endrar rutinene sine i samsvar med Råd for transport av pasienter/brukere. Det inneber blant anna at det blir avgrensa moglegheit for samkøyring, noko som påverkar ein allereie pressa kapasitet innan pasienttransport i Bergensområdet. 

​​Dei nye retningslinjene frå FHI inneber at  ​

 
Pasientreiser berre vil samkøyre i større bilar med moglegheit for å halde god avstand 
Pasient og følge bør sitje i baksete 
Sjåførar, pasientar og følge må ha på munnbind under transport  
 
Det er særleg i Bergensområdet dei nye retningslinjene vil kunne gi lange ventetider på transport. Her er det stor auke i aktiviteten innan pasienttransport, samtidig som drosjenæringa har store kapasitetsutfordringar.  
 
 
For å sikre tilrettelagt transport for dei som treng det mest blir det no jobba med å finne alternative transportløysingar der det er mogleg.

- Vi undersøker for eksempel moglegheitene for å få bistand via avtalar med frivillige organisasjonar, fortel Ann-Mari Høiland, avdelingssjef ved Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen.

- Vi går også i dialog med dei som rekvirerer pasienttransporten om andre moglege transportalternativ når vi ser at det er lange ventetider.
 
Det kan for eksempel vere å undersøke om pasienten kan ordne reisa sjølv. Høiland minner om den midlertidig endringa i rettane for pasientreiser som kom i stand som følgje av pandemien. Den gjeld framleis, og gjer at pasientar får dekka reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg. Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.  
 
- Når det er sagt, må vi samtidig oppfordre til at pasientar blir køyrde til sjukehuset heller enn at dei køyrer sjølve. Parkeringskapasiteten i området rundt Haukeland universitetssjukehus er også under press som følgje av pandemien, seier Høiland. 

 
Avdelingssjef Øyvind Østerås i Akuttmedisinsk avdeling er bekymra for at kapasitetsutfordringa innan pasientreiser kan medføre eit auka trykk på ambulansetenesta.  

- Vi har allereie i dag ein pressa kapasitet, med høgt sjukefråver blant tilsette og ein stor auke i talet på ambulanseoppdrag. Vi jobbar hardt for å sikre ei kort responstid til alvorleg sjukdom og skade. No er det særdeles viktig at dei som kan ordne transport sjølve gjer det, og at dei som rekvirerer transport rekvirerer riktig transport til riktig bruk, slik at akuttambulansar blir reservert pasientar med behov for overvaking og behandling, seier Østerås. 
  
Både Høiland og Østerås understrekar at dette er ein krevjande situasjon for alle involverte.  

- Vi håper på godt samarbeid for å gjere belastninga på pasientane minst mogleg, seier dei. ​