Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kan vere lange ventetider på pasientreiser i sommar

Jamt høg aktivitet inn i sommaren og kapasitetsutfordringar i deler av drosjenæringa gjer at det for tida kan vere lange ventetider på pasientreiser i Bergensområdet.

Publisert 12.07.2022
Sist oppdatert 28.07.2022
- Ein vil alltid måtte rekne med noko ventetid etter behandling, men no kan enkelte oppleve at denne ventetida blir lenger enn den vanlegvis er, seier avdelingssjef Ann-Mari Høiland i avdeling for pasientreiser i Helse Bergen.

Ho understrekar at Pasientreiser gjer alt dei kan for å følgje opp bestilte reiser og for å  informere pasient og/ eller behandlar i ventetida. 
- Vi beklagar eventuelle ulemper dette måtte medføre for pasientar og pårørande.


For å sikre tilrettelagt transport for dei som treng det mest, ber Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen om at dei som rekvirerer pasienttransport vurderer andre moglege transportalternativ når dei får tilbakemelding om at det er lange ventetider.

- Det kan for eksempel vere å undersøke om pasienten kan ordne reisa sjølv, seier Høiland.

Den midlertidige endringa som kom i stand som følgje av pandemien, som gjorde at alle pasientar fekk dekt tilleggsutgifter ved reise med privat bil over 10 km kvar veg, opphøyrte 1. juni. Det betyr at du som pasient igjen treng dokumentasjon frå behandlaren din på at det er nødvendig å nytte privat bil av helsemessige årsaker, for å få dekt utgifter som parkering, bom og ferge. Dette gjeld også om du skal søke om å få dekt utgifter for følgjeperson på reisa.

Dersom du skal søke om å få stønad til ei pasientreise med privat bil som er gjort før 1. juni, treng du ikkje dokumentasjon, men du må beskrive når du søker at du har køyrt bil på grunn av koronasituasjonen. 


Her kan du lese meir om krav til dokumentasjon for å få stønad:

 
- På grunn av ein pressa parkeringskapasitet i området rundt Haukeland universitetssjukehus, oppfordrar vi til at pasientar som har moglegheit for det blir køyrde til sjukehuset heller enn at dei køyrer sjølve, seier Høiland.