–T-celle-vaksine skapar beskyttelse mot det som er inne i sjølve viruset, og ikkje piggane rundt som er det som stadig forandrar seg. Teorien er derfor at ein T-celle-vaksine vil gi betre beskyttelse mot kommande variantar av covid-19, fortel leiar av prosjektet i Bergen, overlege Camilla Tøndel.
Les meir om studien i Bergens Tidende
Dei to vaksinane som blir prøvd ut i prosjektet er laga av det norske selskapet Nykode Therapeutics.
Før vaksinane kan komme på markedet, må det vere nok datagrunnlag som viser at vaksinane er både trygge og effektive mot covid-19. For å handtere nye virusvariantar er forsking på nye vaksinar svært viktig.
Kven kan delta?
Du kan delta i det kliniske forskningsprosjektet hvis du:
- Er mellom 18-60 år
- Bor i Bergen eller områda rundt
- Er frisk
- Ikkje har hatt Covid-19 infeksjon
- Er fullvaksinert med mRNA-vaksine (Pfizer/Moderna)
Utgifter/tidsbruk blir kompensert.
Har du spørsmål om prosjektet?
Send epost til overlege Camilla Tøndel på camilla.tondel@helse-bergen.no
Meir informasjon om studien finn du her:
Utvikling av DNA-vaksiner mot nye varianter av koronavirus - Oslo universitetssykehus (oslo-universitetssykehus.no)